Eit nytt skuleår på SJH

Denne veka starta det nye skuleåret på SJH. Båe nye og gamle elevar og tilsette møtte til velkomstsamling i grindbygget mandagsmorgon.

Til tross for sitt lange fravær i sumar, møtte også sola opp til fyrste skuledag. Samlinga i grindbygget vart ein triveleg start på eit nytt år med fokus på økologisk landbruk og bærekraftig ressursbruk. Båe rektor Børre Solberg, pedagogisk leiar Kristin Ryum og ordføraren i Aurland, Trygve Skjerdal, hilsa velkommen til nye og gamle.

Allereie etter fyrste uke har VG2 komme i gang med øvingar i hest, maskin og hagebruk. Samstundes har VG3 vore på reinsjakt og byrja førebuinga av potetinnhaustingsdag.

Me gler oss til nok eit lærerikt og begivenhetsrikt år!

Tekst: Frøya Torvik
Foto: Dora Inke Bouman