Landbrukspraksis med Steinerskulen frå Skjold våren 2022

12 ungdomar og to lærarar kom forventningsfulle med bussen frå Bergen og vart innlosjert på internatet ved skulen. I sekken hadde dei arbeidsklede, og var fylt med pågangsmot og forventningar.

Første dag var dei allereie i full gang med David i marknadshagen med å pløya ned grøngjødsel i bed, og i gartneriet var det såing med Thea. To elevar hadde allereie stått opp grytidleg for å vera med å mjølka kyr i fjøset og geiter i Vassbygdi, noko som var prikken over i-en denne veka. I ysteriet med Linn kunne dei prøve ut kjemi i praksis, å sjå mjølk blir til ost er magi.

Kompostering kan vera både tungt og krevjande med halvrotne plantemateriale som skal forvandlast til ny næring. Men arbeidet vart gjennomført systematisk og komposten vart stødig utforma og bygd opp. På tunet fekk dei introduksjon til tradisjonsbakst og praksis med kjevle ved foredlingslærar Gry.

Ein dag på fjorden høyrer også med der formidling av kulturen rundt Sognabåten var sentralt.

Elevane gler seg til å komma attende i september då skal dei  fordjupa seg i tema som dei skal leggja fram med smaksprøvar til foreldre og lærarar i Bergen.

Velkomne att!

Tekst: Jorunn Barane
Foto: Astrid Marte Kippersund