Korntresking på gamaldags vis ved Kjell Krogstad

Korntresking med skjedde, tust og hersold er handlingsboren kunnskap som ikkje så mange har kjennskap til i dag. Kjell Krogstad, museumsbonde på De heibergske samlingar på Kaupanger er oppteken av å ta vare på gamle hausteteknikkar og formidle det vidare.

Etter initiativ frå elevane vart det ei lærerik økt om korntresking under Økoveka. I tidlegare tider dyrka alle sitt eige matkorn, til og med på gardene i Aurlandsdalen. Korn er ikkje lenger så mykje å finne på Vestlandsgardar, men på SJH har vi hausta ein liten åker med haustrug. Elevane har nytta sigden til å skjære, og kornet er bunden og tørka. Etter denne treskeøkta står det att å ta ut det beste kornet til såkorn,  så får vi sjå kva som blir att til flatbrød, graut og til dyra.

Foto og tekst: Gry Tokvam