Open økologisk gard SJH 2021

I år fekk vg3 oppdraget med å planlegge, arrangere og gjennomføre OØG. Dei fekk hjelp av vg2 og det vart ein god læringssituasjon for elevane.

På OØG var det eit variert innhald av aktivitetar, spesielt var det mykje å vera med på for barn. Nytt av året var einhjulssykkel, populært men slett ikkje lett. Elles var poteta i fokus, naturleg nok på denne årstida, det var potetløp og potetopptak med greip. I løpet av dagen vart det laga eit flott stort bilete av alle små som hadde lyst å bidra med nokre penselstrøk. Biletet skal få sin plass på SJH! Barneriding var ein ny aktivitet i år som var populær. Konsert av elevar i grindbygget var ein fin oppleving med både diktlesning, sekkepipe og andre instrument. I Lundesalen vart det laga til ein flott kafe og det var litt av eit utval! Nydeleg suppe og mykje godt til kaffen. Takk til alle som stakk innom oss denne dagen!