Framtidas bønder i Fresvik

Fagre Fresvik. Her er utsikta frå garden Hatleli.

I løpet av året får elevane høve til å møte mange ulike bønder og oppleve mange typar gardsdrift. Fagturane syner mangfaldet som finst i landbruket.

Tekst og foto: Tord Skrudland Kjeldsen

Denne gongen drog heile Vg3 på tur til nabokommunen Vik for å vitje to gardar i bygda Fresvik. Her fekk klassen omvisning på tun og i driftsbygningar, informasjon om bygda si historie og status for jordbruket i bygda i dag. Tema for garden var generasjonsskifte, og på begge gardane har yngre krefter nyleg overteke bruket frå foreldregenerasjonen. Dei ferske gardbrukarane har spennande planar for vidare drift.

På Hatleli tok SJH-lærar Bjørg og svigersonen Geoff i mot oss med kaffi og kake. Elevane fekk informasjon om korleis gardsdrifta har endra seg frå då Bjørg og mannen hennar, Rune, i si tid tok over. Då dreiv garden med mjølkeproduksjon med røyrmjølkeanlegg. I dag har neste generasjon, Liv og Geoff, byta ut røyrmjølkeanlegget med ei lausdrift og ammekubesetning med rasen Belted Galloway. Garden skal framleis drivast økologisk, som foreldra til Liv har gjort i mange år allereie. Det som var mest spennande var å sjå på løysningane dei hadde valt for ombygginga av fjøsen. Det treng ikkje gjerast dyrt og komplisert, og med kloke hovud og eit stykke sunt bondevet har dei skaffa seg ein funksjonell og god fjøs tilpassa nye behov. Sjølv om ikkje alle rådgivarar meiner denne drifta er liv laga, syner resultatet at dei har greidd å skape eit gårdsbruk dei på sikt kan hente eit utbytte frå, og det med betydeleg lågare gjeld enn mange bondekollegaar har. I tillegg til ammekyrne hadde dei ein liten flokk sauer, både spel og NKS, og nokre ungarske ullgris.

Ammekyrne på garden var av rasen Belted Galloway.

Både Liv og Geoff har arbeid utanom garden, som lang tid var arbeidsplassen for både Bjørg og Rune då dei dreiv. Bjørg byrja etter kvart i jobb på SJH, medan Rune har utvikla eit unikt produkt, svarthyllsaft frå eigne økologiske svarthyll. Både driftsmetodane i bærfeltet og produksjonen av safta i eige foredlingslokale på garden var noko ingen i klassen hadde kjennskap til, så det var interessant å få ei lita innføring i dette. Svarthyllsaft kan brukast førebyggande mot influensa og forkjøling, og skal ha gunstig effekt på blodsukkeret.

Dagen etter besøket i Hatleli, drog klassen ned mot fjorden for å vitje samlingselev Dag Einar og kjærasten Marie. Dei har nettopp overteke Bøtun, heimgarden til Dag Einar, og dei møtte oss i tunet saman med mor Øydis og far Olav. Dag Einar tok over etter nyttår i år og har ei imponerande stå-på-vilje når han no skal fullføre agronomutdanning på SJH, pusse opp hus og planlegge vidare drift innimellom fjøsstell og det som elles går føre seg på ein gard. Han har god hjelp i foreldra og har tenkt å drive med same produksjon som i dag i eit par år før han vel seg ut sine satsingsområde.
I dag driv garden med stor produksjon av bringebær, dei har eit felt med økologiske eple og ei sauebesetning med om lag 70 vinterfora NKS. Den nyaste produksjonen her er eit lite felt med blåleddved, eit super-bær med røter i Sibir. Det blir spennande å sjå korleis det slår til her i Sogn. Skulen har eit forsøksfelt med same type bær, så alt bør ligge til rette for at dette skal gå bra! Me kryssar fingrane for det.

Dag Einar tok i mot oss på Bøtun!

Det var inspirerande å sjå kor framtidsretta og kor mykje dei får til på Bøtun, både i gardsdrifta og utanom. Folket på garden syner eit stort engasjement i bygda si Fresvik gjennom deltaking i idrett, musikkfestival og arbeid i ulike lag. Det er viktig å ha eit godt miljø rundt seg om ein skal drive gard, og både Dag Einar og Marie håpar det er fleire Fresvikje og nyinnflyttarar som no vil flytte til den vakre bygda ved Sognefjorden.

Ein vellukka klassetur der me har fått oppleve stor gjestfridom og framtidstru frå nye generasjonar i landbruket. Tusen takk for oss!