Heile skulen var samla til eit føredrag som gav ein peikepinn på korleis ein på ein enkel måte kan spele på lag med naturen for å skape sunn og fruktbar jord.
Tekst og foto: Tord Skrudland Kjeldsen
Anders Lerberg Kopstad er tilknytta Savory Institute, og han har fullt opp med å gje rådgiving og holda kurs om Holistic Management til bønder og rådgivarar. Denne dagen var det agronomelevar og tilsette som skulle få innføring i korleis dette planleggingsverktøyet fungerar. Kursa han held varer ofte i fleire dagar, men her på skulen fekk me eit komprimert kurs med høgt tempo og mykje informasjon. Her var det berre å fylgje med! Dei fleste hadde høyrd om Holistic Management på førehand. Og det fyrste Anders kunne gjere då han byrja føredraget, var å avkrefte at dette kun var eit beitesystem.
Dei fleste forbindar Holistic Management med beiteplanlegging, men det er mykje meir enn det. Allan Savory, som er mannen bak det heile, har utvikla eit verktøy ein kan nytte til å planlegge, forvalte og styre både gardsdrift, personleg liv, verksemder og organisasjonar. Beiting er berre eitt av verktøya ein kan nytte i gardsdrifta for å oppnå betre jordhelse, betre avlingar og god dyrehelse.
I tillegg til å vise folk korleis ein lagar sin eigen holistiske kontekst, er Anders bonde på Ringerike. Der driv han og kona med grønsaker i ein marknadshage, eggproduksjon og om lag 50 spælsau. Dei får derfor gode moglegheiter for å prøve ut ulike metodar i praksis. Anders fortalde litt om korleis han opplevde forandring i jordstruktur ganske drastisk etter at han byrja å nytte Holistic Management i gardsdrifta. Jorda endra seg: ho fekk betre struktur og meir liv. I tillegg heldt ho betre på vatnet enn før, noko som er viktig for å hindre erosjon som er eit stort problem. Enorme mengder jord forsvinn ut i vassdrag og til slutt i havet kvart år, og å forhindre dette vil vere til stor hjelp for landbruket og samfunnet elles.
Beitedyra er ein del av løysninga på problema våre med klimaet og erosjon, ikkje årsaka.
Han nyttar spennande metodar i drifta, som til dømes eit mobilt hønsehus og ein heilt unik beitemetode. Beitemetoden er eit verktøy som Allan Savory utvikla i Zimbabwe i Afrika, der han lot seg inspirere av dei store flokkane med beitedyr som lever der. I naturen vil ein stor flokk komme inn i eit område, og etter kort tid med beiting beveger flokken seg vidare. Savory meiner at denne formen for beiting kan binde store mengder karbon i jorda og hindre erosjon. Han har sett fleire område i Afrika som slit med erosjon og overbeiting, og har tenkt seg fram til at det ikkje hjelp å fjerne beitedyra, ein må berre la dei beite på rett måte. Han meiner beitedyra er ein del av løysninga på problema våre med klimaet og erosjon, ikkje årsaka.
Dette kan overførast til husdyra våre gjennom ein nøye planlagt form for skiftebeiting. “Kluet” er å la flokken beite kort nok tid slik at ca. 1/3 gras blir beita, 1/3 trakka ned og 1/3 blir ståande att. Då oppnår ein høg produksjon i enga og stadig nytt friskt gras til dyra. Plantene har så mykje bladverk att at dei slepp å bruke opplagsnæringa i røtene til å starte gjenveksten, dei kan nytte fotosyntesen! Slik får ein utnytta fotosyntesen mykje betre enn ved vanleg snaubeiting. Savory nytta erfaring og kunnskap han skaffa seg i den militære utdanninga si til å lage eit enkelt, oversiktlig og effektivt planleggingsverktøy der ein kan utnytte dette i praksis. I Afrika har Savory greidd å skape grøne områder der det før var fare for at områda skulle bli til ørken ved å ha fokus på fotosyntese, organisk materiale i avføring frå beitedyr og biologisk mangfald. Ved å tilpasse denne metoden til sin gard klarer Anders å la sauene sine beite ute om vinteren!
Anders er nøye med å understreke at dei metodane han nyttar på garden sin nødvendigvis ikkje er dei rette å nytte på andre gardar. Ein må finne dei metodane som lar deg oppnå dine mål for drifta. Dette er ein god måte å tenke forvaltning på, å utnytte dei ressursane og kompetansen som allereie finst på staden.
Anders er kunnskapsrik og lærte oss mykje om korleis jorda og naturen fungerer, og korleis ein i landbruket må spele på lag med naturen og ikkje prøve å overvinne han. Etter føredraget tok han seg tid til å svare på spørsmål frå elevar og lærarar, og denne dagen var full av ny lærdom for deltakarane!
Monica (lærar) takkar for godt kurs.