Fagskuleutdanning i handverksysting

Fagskulen i Sogn og Fjordane sender no søknad om godkjenning av studieplan for eittårig fagskuleutdanning i handverksysting, i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule og foreininga Norsk Gardsost.

Dersom studieplanen blir godkjent av NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen), er planen å tilby studiet som ei deltidsutdanning over to år med oppstart hausten 2021. Studieplanen skal byggje på kursrekka som er utvikla på Sogn Jord- og Hagebruksskule gjennom 20 år. Fagskulen i Sogn og Fjordane er ansvarleg institusjon, men studiestad vil i hovudsak vera på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Nokre av samlingane kan også haldast andre plassar i landet, dersom faglege grunnar tilseier det.

Bakgrunn

Det er ein veksande marknad for kvalitetsostar. Det er godt over 100 handverksysteri her i landet, og ein del av dei har mål om å utvide verksemda, andre ikkje. Norsk Gardsost har som ambisjon at fleire handverksysteri skal bli etablerte per år, dette for å møte behov i marknaden og for å erstatte dei som eventuelt avviklar. Fagkompetanse er nøkkelen til vellykka produksjon og suksess i marknadsføring og sal. Utvikling av fagskuletilbod i handverksysting vil vera eit avgjerande steg vidare for å tryggje kvalitetsproduksjon i handverksysting i framtida.

Målgruppa for prosjektet er

a) dei som driv og dei som i dag er tilsette på handverksysteri/gardsysteri

b) dei som er interesserte i mjølkeforedling og ynskjer å starte ysteri eller jobbe hjå andre

c) produksjonsmedarbeidarar i Rørosmeieriet, Tine og Synnøve Finden

Vi trur også at det kan vera folk i andre nordiske land som har interesse av eit slik utdanningstilbod.

Innhald i studiet

Mjølkeforedling i praksis og teori er det sentrale innhaldet i dette fagskuletilbodet. Det vil femna om følgjande hovudtema: Mjølk som råvare, syrna mjølkeprodukt, løypeostar, brunost og andre myseprodukt og kokte produkt laga av mjølk. I tillegg kjem tema som hygiene, bygningar og utstyr, kvalitetsstyring, økonomi og driftsleiing, næringsetablering og næringsutvikling. Som i alle andre fagskuleutdanningar blir studiet avslutta med eit hovudprosjekt. Der kan den enkelte student ta utgangspunkt i ei problemstilling han eller ho er særleg interessert i å fordjupa seg i, og det må vera innanfor emne som det er undervist i på studiet.