Ledige stillingar på SJH

Vil du jobbe med økologisk produksjon av frukt og bær eller grønsaker, blant engasjerte elevar og kollegaer? Det er to ledige 100 % stillingar på skulegarden frå 1. april 2020 med søknadsfrist 14. februar. Via lenkene under finn du stillingsutlysingane med meir info:

Fagansvarleg økologisk grønsakproduksjon

Fagansvarleg økologisk frukt- og bærproduksjon

Nærare info: Aksel Hugo (rektor), aksel.hugo@vlfk.no, tlf.: 479 70 862

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via lenkene over.

Om Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH):

SJH ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk og plass til 52 elevar innan Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale i tillegg til eit eige Ressurssenter for oppdrag, kurs og prosjektarbeid.