Killingar, traktor og isbading: Ein skuledag på SJH

Kjærleik ved fyrste blikk? Eit sjølvsagt ja frå mi side!

Nok ein skuledag på SJH er gått, og eg sit på rommet og mimrar tilbake til geitekillingar, kjeing, firetakts dieselmotorar, brennstoffsystem og isbading. Her får du eit lite innblikk!

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Me byrja dagen med ei husdyrøkt i fjøset. Kjeinga er i full gong her på SJH, og i dag møttest ein forventingsfull gjeng til ei innføring om geit, kjeing og geitekillingar. Til vår store begeistring vart me møtt med hoppande, klatrande og til dels kjeledress-etande geitekillingar så sjarmerande og søte at det var umogleg å gjere anna enn å løfte dei opp i fanget. Heldigvis lét husdyrlærar Kristin oss få observere og kose litt med killingane før ho gjekk i gong med innføringa.

Etter økta i fjøset gjekk me inn i klasserommet for teori og video om geit, kjeing og fôring i forhold til overgangsfasen kring kjeing. Me fekk også lære meir om fordøying og fordøyingssystem hjå drøvtyggarar. Kristin kom med mykje spanande og viktig informasjon som ein må kjenne til dersom ein vil stelle godt med dyra sine. Særleg kjekt er det også å lære om desse temaa med ein lærar som også er utdanna veterinær. Kristin veit kva ho snakkar om, og ho har alltid kunnskap frå eit veterinærperspektiv på lur. Det er kjekt å ha med seg når ein skal verte agronom eller arbeide med dyr på annan måte. 

Svineribbe med raudkål, bakt kålrot, potet og brun saus, hokkaido med laukvinaigrette, pasta med grønkålpesto, rotgrønsakar, raudkål med peanøtter og tomatmarmelade. Kortreist og velsmakande!

Me forlét klasserommet med ny og viktig kunnskap, samt ei håpefull forventing i førekant av den nydelege lunsjen som heilt sikkert venta på oss nede i Lundesalen. Og ganske riktig; På menyen i dag var økologisk svineribbe som Vg3 har vore med å foredle, samt ei rekkje tilbehør frå garden. Alt i tråd med SJH sitt gullsertifiserte Debio-kjøken.

Etter lunsj gjekk turen til verkstadsøving med gardsstyrar Per. I dag var det brenselsystem og traktormotor som stod på programmet, og me byrja timen i verkstadklasserommet. Per starta spøkefullt med nokre felles «ribbeøvingar», som han så fint kalla det. I praksis tyder dette meir eller mindre rare positurar som ein strekk seg i etter ein tung svineribbemiddag. Om øvingane var for å få hovudet i gong att etter lunsj eller å få oss til å le, veit eg ikkje, men det fungerte i alle fall.

Stemninga vart enda betre av Per sin herlege humor og sjølvironi då han introduserte temaet med å seie:

«Eg skal ta dette heilt basic … Og hovudgrunnen til det er at eg sjølv skal forstå kva eg snakkar om».

Ein ivrig Per i gong med å forklare korleis fødepumpa fungerer. Og ikkje minst at ho ikkje har noko med fødsel å gjere.

Etter teori om brennstoffsystem og traktoren si oppbygging gjekk me ut for å sjå på nokre forskjellige typar traktorar og kople teorien frå klasserommet med praksis. Per viste oss nærare dei ulike delane og deira funksjon, og gruppa inspiserte traktor og motor med stor interesse. Etter ei stund gjekk me inn att for litt meir teori. Per er så god på å forklare, og han tek seg rikeleg med tid til kvar enkelt elev. Det var fleire som kom med tilbakemeldingar om at dette var fyrste gong dei forstod noko som helst om motor. Det er godt å kjenne at fagstoff som ein synast er vanskeleg, byrjar å gje meining og dermed vert interessant.

Til siste økta ute gav Per oss lappar med namn på ulike traktordelar som vi skulle feste på dei ulike delane av traktoren. Med litt hjelp av kvarandre og av Per gjekk dette heilt supert.

Eg var eigentleg på veg til rommet for å slappe av litt etter skuledagen, men medan eg hang opp kjeledressen spurte medelev Ina om eg ikkje ville bli med og bade ved prestenaustet ved fjorden, noko eg fann ut at eg ikkje kunne seie nei til. Så då var det berre å hive på seg kjeledressen att, røske med seg eit handkle og springe.

Vatnet var herleg! Eg tok nokre symjetak og vart liggande og sjå opp på himmelen og dei vakre Aurlandsfjella før me drog attende til skulen.

Så no sit eg altså her på internatrommet og slappar av. Det har vore ein travel, men utruleg kjekk og lærerik dag. Eg kjenner på at eg har gode menneske rundt meg og at SJH er ein god stad å vere. Takksam!

Svært nøgd med dei flotte internatromma våre! Her er det rom for mange heimekoselege innreiingar.