Fire på rad for husdyrelevane

Husdyrelev Sif i godt selskap.

Lærar Even og elevane med yrkesfagleg fordjuping i husdyr dro nyleg på helgetur til Valdres. Der vitja dei fleire bønder, mellom anna nokre tidlegare SJH-elevar. Det vart ein lærerik og inspirerande tur med fire på rad – av ulike kurasar!

Tekst og foto: Tord Skrudland Kjeldsen

Husdyrelevane har vitja gardsbruk i mange ulike størrelser og driftsmåtar. I Valdres er det eit positivt og framoverlent landbruksmiljø. Her har det tradisjonelt vore drive med både mjølkekyr og geit, og stølsdrifta står framleis sterkt her. Prosjektet «Huga på gard» som formidlar gardsbruk til nye gardbrukarar, fører mykje nytt blod inn på gardane og småbruka i regionen, og gjer at det er mange unge og ivrige bønder å lene seg på for dei som vil inn i næringa.

Ein av desse bøndene er Sigmund Sørum frå Vang i Valdres, som saman med Ida Østvold driv med mjølkeproduksjon på ei flott besetning vestlandsk fjordfe, ein kurase som reknast som ein av dei gamle norske landrasane. Dette var det første besøket husdyrgjengen gjennomførde, og dei fekk møte snille kyr som låg og kosa seg i sola. Her fekk ein sjå korleis ein kan nytte gardsokse i besetninga, og eit innblikk i korleis ein bonde må tenkje når han skal planlegge utviding av drifta og nybygg, som Sigmund og Ida er midt oppi no. Same kveld fekk elevane vere med på kveldsstellet og sjå korleis mjølking kan gå føre seg i eit tradisjonelt båsfjøs.

Kveldsmjølking i tradisjonelt båsfjøs med eigenbygd fanghekk.

Neste stopp var Evert Grøndal Johansen, som nett hadde flytta inn på ein fråflytt ødegard. Her var det ikkje andre dyr enn reven og haren i skogen, men det var eit spennande møte med ein kar som drøymer om å setja i stand husa, fjøsen og resten av tomta for å kunne leve der. Alt går an berre ein har pågangsmot og god hjelp!

Neste dag tok Yvonne Tonnaer og Ole-Jacob Christensen oss i mot på garden Vikabråten, som mellom anna er kjend frå “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Der driv dei garden og lever livet slik ein gjorde for mange år sidan. Dei har fire kyr av den gamle rasen dølafe. Dei nyttar mjølka som dei mjølkar for hand til ysting heime på garden, i eit lite miniysteri på kjøkenet. I tillegg får dei laga spekepølse etter eiga oppskrift frå dyra dei slaktar. Utanom dyra driv dei med foredling av solbær og eple og det som elles kan nyttast rundt garden og på stølane, og garden gjev dei stort sett alt det dei treng bortsett frå kaffe og sjokolade. Om sumaren reiser dei fyrst på “heimstølen”, før dei etter kvart reiser endå lengre opp på fjellet, på “langstølen”. Dette er vanleg tradisjon i Valdres.

Nydeleg utsikt frå Vikabråten. Her blir løvetanna hausta og laga vin av …

Stølsdrift er òg noko Kjell Trandokken på Dølahushaugen driv med. Han har melkekyr av rasen telemarksfe, som han nyttar til produksjon av fersk rømme og smør heime i eit portabelt ysteri. Dette kan han kople på bilen sitt hengarfeste og kjøre opp til heimstølen og seinare langstølen om sumaren. Her lager han rømme og smør som han sel til turistar og hyttefolk. Elevane fekk servert den tradisjonelle matretten majel med flatbrød og heimelaga smør, før ei omvising på stølen hans, som ligg i eit av Noreg sine mest aktive stølslag.

Helga sitt siste besøk gjekk til eit topp moderne mjølkefjøs hjå Hølera Samdrift i Bagn, der Gunn Torill Øyhus tok imot. Her var det installert ein DeLaval mjølkerobot som tok seg av mjølkinga, og kyrne gjekk inn og ut mellom beitet, fjøset og roboten som dei ville. Både fôringa og mjølkinga er automatisert, noko som gjev moglegheit til å fokusere på andre oppgåver når dei som driv garden er i fjøset. Her driv dei ikkje med tradisjonell stølsdrift, men dyra går likevel ute store delar av året. Det var ei rein NRF-besetning, så denne helga har elevane sett eit godt utval av dei norske storferasane.

Klikk på bileta for å sjå dei i større utgåve: