Skaparane bak Isrosa og Rein hudpleie

Øystein Skjæveland gjekk på Natur- og miljøstudiet i Bø midt på nittitalet, men hadde eit ynskje om meir praktisk landbrukserfaring. Eit besøk til ein kamerat som var elev på SJH avgjorde vegen vidare. Etter jordbruksskulen fekk Øystein arbeid på Baroniet Rosendal som gartnar. I 2003 møtte han Una Kolle som då var avgangselev på SJH, og begge to fekk jobb på skulen. Seinare flytta dei til eit småbruk i Kvinnherad, og bedrifta Isrosa vaks fram. Etter kvart starta Una opp med eigne prosjekt. I dag eig og driv ho Rein hudpleie.

Una er no godt etablert i eigne lokaler i Rosendal. Her er det både produksjonslokale og butikk.

Kvifor byrja de på SJH?

Øystein: Sommaren 1997 var eg på besøk i Aurland. Det var då eg byrja å tenkja på at dette kan henda kunne vera noko for meg også. Den sommaren var eg med og hausta grønsaker på jordet og eg var med på tur til Sinjarheim, der eg lærte å mjølka geiter og ysta. Det er ikkje lett å trekkja fram nokre få ting blant alt det fine eg opplevde på åra mine i Aurland, men noko av det beste må vera alle dei kjekke tinga som var å læra der. Både i skulefaga og slikt som hende utanom skulen. Slik lærte eg både å garva skinn og å dreia i tre, og eg fekk prøva å smi hestesko. I tillegg til å bruka motorsag, planta kål og mjølka ku – og utruleg mykje anna. Og så var det sjølvsagt og ikkje minst alle dei fine folka eg vart kjend med, både blant elevar og tilsette.

Una: I oppveksten var me mykje på gardsbruket til besteforeldra mine, og noko av det beste eg og syster mi visste var å vere med i floren og stelle med sauene. Seinare var eg student ved Universitet i Bergen, og etter kvart som eg nærma meg ferdig vart eg lei av å sitje i ro inne på ein lesesal og såg ikkje for meg ein akademisk karriere. Eg hadde også ei venninne som hadde vore elev ved SJH, og ho snakka ofte om kor kjekt det var der. Som mange andre hadde eg ein draum om å blir gardbrukar ein dag. Eg bestemte meg for å få den praktiske erfaringa eg trengte på SJH.

Hønene på bruket syter for at det alltid er ferske, økologiske egg til isen.

Når gjekk de på SJH?

Øystein: 1998–2000.

Una: 2001–2003.

Kva arbeider de med no?

Øystein: Etter seks–sju år med eigne mjølkekyr kjøper me i dag mjølka frå andre økologiske gardar i kommunen, men forsyner oss framleis sjølve med egg, rabarbra og pærer frå garden. Eg var den fyrste som hadde Debio-godkjenning for økologisk is i Noreg (2003), og i dag er Isrosa-is å få kjøpt i butikkar og på marknader både på Vestlandet og Austlandet, særleg i sommarhalvåret.

I sommarhalvåret reiser Øystein rundt på festivalar og marknader med isvogna og sel is i kjeks. Eit populært innslag på Øya-festivalen.

 

Eimund Kolle er ein ivrig prøvesmaker av all slags is.

Una: I 2012 starta eg opp med ein liten produksjon av økologiske hudpleieprodukt. Etter kvart vaks bedrifta og sortimentet utvida seg. I dag har eg produksjon og butikk i Rosendal der eg sel eigne produkt og andre økologiske/miljøvenlege varer. Rein hudpleie sitt sortiment er også til sals gjennom eigen nettbutikk og i andre nisjebutikkar rundt om i landet. Sakte, men sikkert har dette blitt til min hovudarbeidsplass.

Kva er planane vidare?

Øystein: Vidareutvikle Isrosa, og halde fram med å lage god kvalitetsis av reine råvarer.

Una: Eg ynskjer å kunne produsere meir av råvarene til produkta mine sjølv. Ein del av urtene dyrkar eg i hagen, og eg har såvidt starta opp med birøkt for å produsere min eigen bivoks. Det er ein bratt læringskurve, men eg håpar å kunne utvide birøkten etter kvart.