Ledig stilling: Kokk til økologisk kjøken – mathandverk frå jord til bord

SJH sitt kjøken har serveringsmerket i gull frå Debio – det vil seie at meir enn 90 % av maten er økologisk. For den rette kokken kjem det no ein unik sjanse til å jobba med eit stort mangfald av utsøkte råvarer rett frå garden. Skulen har ein 100 % stilling ledig for kokk med fokus på mathandverk frå jord til bord.

Ansvars- og arbeidsområde

  • Administrasjon og drift av økologisk kjøken
  • Nytte og vidareforedle gardens produkt frå råvare til servering
  • Arbeidsorganisering for andre tilsette knytt til matlaging og drift av internat
  • Matfagleg samarbeid mellom kjøken, gard og undervising

Krav til utdanning og praksis

  • Relevant fagleg utdanning
  • Kunnskap om ernæring og vegetarmat
  • Relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
  • Fagleg interesse for økologisk landbruk og lokal matkultur

Ønska personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Relevant arbeidserfaring
  • Interesse for matfagleg utviklingsarbeid
  • Meistra norsk skriftleg og munnleg

For stillingane gjeld:

  • Løn etter gjeldande regulativ
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • 6 månaders prøvetid

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9.

Interesserte er velkomne til å ta kontakt med rektor Aksel Hugo, tlf. 479 70 862

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via denne lenka.

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

Søknadsfrist: 17. april 2019

Om arbeidsgiver:

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga, med produksjon av frukt, grønsaker, kjøt og mjølkeprodukt. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid). For meir informasjon sjå sjh.no.