Elevar med eigne bedrifter

Jannik, innehavar av Lean Green UB under marknad på Voss.

På SJH har me elevar med stort engasjement og mykje kunnskap om ulike matproduksjonar og dyrkemetodar. Dette skuleåret har me difor fått eit nytt fordjupingsfag i Vg2; ungt entreprenørskap. Her får elevane starte ei ungdomsbedrift innanfor kva tema dei måtte ynskje. Undervegs får dei god rettleiing frå lærar Marco Neven, som har mykje kunnskap om entreprenørskap og økonomi.

Vi skal inspirere unge til å tenke nytt og til å skape verdier.

– Ungt Entreprenørskap (UE)

UE er ein ideell organisasjon som i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre arbeider for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølve. På vidaregåande nivå så er eit av fokusa dei har å la elevane starte og drive si eiga ungdomsbedrift. På SJH har det i år vorte starta to av denne typen verksemder!

Snart hausteklare mikrogrønt frå Lean Green UB.

Lean Green UB er ei av desse. Vg2-elev Jannik hadde lyst til å prøve å dyrke mikrogrønt allereie før han byrja på SJH. Gjennom marknadshagebønder fekk han høyre at å dyrke mikrogrønt skulle vere ein enkel, billig og lønsam produksjon å starte opp med. I haust byrja han med å så nokre frø i vinduskarmen på internatrommet sitt, men omfanget har no vekse seg så stort at han har flytta inn i skulen sitt veksthus. Han sel til lokale restaurantar og privatpersonar gjennom direktesal og REKO-ring, og leiker med tanken på å fortsetje bedrifta etter at skuleåret er over, takka vere eit godt samarbeid med ein lokal restaurantkunde.

Lean Green UB produserer mikrogrønt av mellom anna brokkoli, kål, reddik og solsikke.

UB Hage- og frukttrehjelpen tilbyr hageplanlegging og frukttreskjering i og omkring Aurland. Josefine sin interesse for frukttre, og Astrid sin bakgrunn som landskapsarkitekt gjorde at dei bestemte seg for å starte ei verksemd saman. Dei ser begge to moglegheita for å starte eiga bedrift i framtida, og det å få prøve seg med ungdomsbedrift verka som ei nyttig erfaring. Flyers har blitt delt ut på Vangen, plakatar hengt opp, sosiale media har dei nytta, og lokale kontaktar som til dømes lærarar har vore nyttige i marknadsføringa. Fordi ei elevbedrift hovudsakleg handlar om læringsprosessen, har dei valt å donere 10 % av overskotet til Regnskogfondet.

Ein må leggje ein del arbeid i å sette seg mål, lage forretningsplan og finne ein måte å marknadsføre seg på før ein kjem i gang med det ein eigenleg har lyst til. Men det er ein enormt lærerik prosess og arbeidet er verdt det.

– Josefine, UB Hage- og frukttrehjelpen

Undervisinga er prega av stor elevaktivitet og fridom til å utvikle konsepta. Marco legg opp faget slik at elevane kan velje om dei ynskjer undervising og rettleiing, eller om dei vil arbeide sjølvstendig med utvikling og drift av eiga verksemd. Jannik trekk fram at noko av det beste med faget er at han har lært at det å starte si eiga bedrift ikkje er så skummelt og komplisert som ein gjerne skulle tru!