Lærarane: Gry Tokvam

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Femte person ut er Gry Tokvam, som underviser i foredling av det meste:

Gry Tokvam er utdanna innan ernæring og helse, mat og kultur. Ho har jobba i vidaregåande opplæring innan realfag, helse- og oppvekstfag og kokk- og servitørfag i 30 år. På fritida er ho oppteken av friluftsliv, organisasjonsarbeid og matlaging. Å eksperimentere med mat og ta vare på råvarene til det beste for munn og mage er favorittsysselen. Ho pendlar frå Sogndal, kor ho bur nede ved fjorden med ein bitteliten hageflekk full av etande vekstar.

Gry underviser i foredling innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2) og næringsdrift (Vg3). Ho meiner ei utdanning i økologisk landbruk lærer deg å ta vare på moder jord, samstundes som du kan produsera rein mat som er til det beste for kropp og sjel. Om SJH seier Gry:

SJH er mangfald på alle område. Ein god skule på ein naturskjønn stad, med fjord og fjell i sterke kontrastar året rundt. Det beste er kanskje når sola skin på dei kvite toppane og du gler deg til den skal skine på deg. Våren her er fantastisk!