Økologisk entreprenørskap – samling i England

Frå venstre: Monica, Aksel og Jorunn.

Hagebrukslærar Monica Gjesdal Larsen, rektor Aksel Hugo og prosjektleiar Jorunn Barane ved Sogn Jord- og Hagebrukskule (SJH) deltok frå 14. til 19. januar 2018 på den første Erasmus+ samlingaSchumacher College i Sør-England. 

Tekst: Jorunn Barane Foto: Monica Gjesdal Larsen

Både programmet og reisa var godt planlagt ilag med dei andre skandinaviske partnarane. Frå Sverige deltok CEMUS (The Centre for Environment and Development Studies). Frå Danmark deltok organisasjonen Friends of the Earth. Frå Norge deltok Senter for økologisk økonomi og etikk ved Nord universitet, forutan oss på SJH.

Ein nyetablert hage på Schumacher College, kor dei eksperimenterer med agroforestry – sjå radene med tre mellom beda!

Anvendt metode i økologisk entreprenørskap

Tittelen på det toårige prosjektet er «Anvendt metode i økologisk entreprenørskap», som går ut på å utvikle verdibasert læring gjennom våre eksisterande kurs og undervisningsinstitusjonar. Det overordna målet er å utveksla og undersøkja kva for kompetanse og ferdigheiter som krevjast for å utvikle og skape nye sosiale, kulturelle og økologiske entreprenørar. Kva er berekraftig læring og korleis ta leiing for å skapa ein forskjell i retning mot ei berekraftig framtid – basert på eigne verdiar, samspel med staden sine ressursar og trendar i samfunnet.  Eit ope spørsmål er også kva desse samlingane kan utvikle som vi ikkje veit enda. Kva kan berre utviklast i fellesskap og ikkje enkeltvis? Og kva kan den unge generasjonen tilføre?

SJH har prosjektansvaret, og Jorunn Barane er prosjektleiar. Her innleiar ho fyrste dagen.

Av spørsmål som vi arbeida med var: Korleis tenkjer vi nytt kring økonomi og marknad og finn nye spor? Kva betyding har kreativitet og det å øve førestellingsevne? Først når vi ser framtida føre oss kan vi byrja å gå mot den. Korleis kan vi utvikle nettverk kring studentane våre slik at vi kan støtta dei vidare med å etablera sine eigne bedrifter, der dei kan vere trygge på å prøve og feile? Korleis skapar vi ein skule som er med og utviklar staden og lokalsamfunnet vårt? Nokre av dei felles utfordringane i utdanning i økologisk entreprenørskap vi ser er:

  • Overgangen frå utdanning og vidare ut i praksis, kontakten mot bedrifter.
  • Støttestrukturer og samarbeidsformer mellom enkeltbedriftene og kopling mellom bedrifter og utdanning innanfor vårt fagfelt.

Schumacher College

På det første møtet vårt ved Schumacher College i Devon, Sør-England, fekk vi erfara at kvardagslivet på colleget ikkje er sekundært men heller saken sjølv. Det innebar at vi måtte delta både i oppvasken, lage mat ilag med dei profesjonelle kokkane på kjøkkenet, hauste grønsaker i hagen og delta i heile prosessen frå jord til bord.

Rektor Aksel i sving med kjøkenteneste.

Noko som skapar god pust og rytme og mykje glede, nye relasjonar og kunnskapsutveksling mellom deltakarene og studentane. Schumacher har fått ei høg stjerne og er ein god og meiningsskapande stad å leva, være og læra. Kva kan vi læra av Schumacher College – kva er nyttig for SJH?

  • Tettare kopling mellom hagebruk og kjøkkenet frå jord til bord.
  • Vertskap for besøkende, alle skal kjenna seg heime og få delta i det praktiske.
  • Dagsrytme – meir pust og meir vekt på fellesskap, der vi deler med kvarandre og blir betre kjende, relasjonsbygging.

 

Kompostering av matavfall er del av kjøkentenesta.

Vi arbeida òg vidare med å gje omgrepet «økologisk entreprenørskap» eit klarare innhald. Den eine dagen hadde vi utferder til lokale bedrifter i området, og deretter seminar med  inviterte deltakarar frå regionen.

Utferd til ei lokal bedrift som hjelper tidlegare domfelte på vegen tilbake til samfunnet.

I løpet av to år (2018-2019) skal partnarane møtast og dela sin praksis, perspektiv, metodar og tilnærminga til prosjektet med kvarandre. Siste samlinga i september 2019 vert i Aurland. Då vil vi førebu verkstader og invitera med lokale aktørar og vera vertskap med spørsmålet om korleis dette kan utviklast i vårt område.

I tillegg til å utvikle og fordjupa vår eigen praksis ilag med nye samarbeidspartnarar, vil det også bli publisert og formidla minst ein vitskapleg artikkel om resultata i prosjektet. På SJH skal vi arbeida vidare med forankring av prosjektet mot fylkeskommunen og mot lokale bedrifter i området. Vi tar også med oss spørsmålet vidare om å søkje utvekslingsmidlar for elevane våre ved skulen.

Neste møte vil bli i København september 2018 – vi gler oss allereie!

Ni av dei tolv deltakarane i prosjektet – frå England, Danmark, Sverige og Norge.