100-årsjubileet del 1: Kulturkveld 21. september

Feiringa starta i jubileumshagen med spelemenn og forteljing frå rektor Aksel Hugo, lektor Nat Mead, norskelev Abduljabbar AlAmmouri og Vg3-elev Anders Flatlandsmo. Deretter vart det polonese med dei om lag hundre gjestane bort til skulebygningen, og opning av jubileumsutstillinga som Vg3-elev Gaute Terjesson har mye av æra for. Til sist var det offisiell opning av Lundesalen, den nyoppussa matsalen på skulen. Ingeborg Lunde fortalde om svigerfar og skulegrunnleggjar Jens Lunde. Bjørg Fritsvold og Olav J Ellingsen lanserte jubileumsskrift, og tidlegare rektor Olav Arnar Bø gav innblikk i tida frå omlegging til økologisk. Innimellom hadde me gleda av å synga saman, til vakre tonar frå trekkspel, hardingfele og trøorgel. Takk for ein magisk aften!

Klikk på bilda for å sjå dei i stor utgåve. Detaljert program for feiringa finn du her.