Bondelagskokken kjem til hundreårets festmiddag

Foto: Kristoffer Nærø Ytterland

Under den tre dagar lange 100-årsfeiringa til Sogn Jord- og Hagebruksskule skal me ha ein uforglemmeleg festmiddag fredag 22. september – med ureist mat, livleg prat og mandat til å danse seg langflat! Det er med stor glede me kan annonsere at Bondelagskokken Nils-Henning Nesje kjem til å ha regien på maten – og at du kan vere med på reisa frå jord til bord.

Da Nesje i januar vart utnemnd til Norges Bondelagskokk for dei neste to åra, sa han at det er ei stor ære å få vere lokalmatens ansikt utad i Norge. Nesje har jobba som kokk i 22 år og i fleire av desse har han kobla lokalmat og reise. Målet har alltid vært å gje gjestane genuine mat- og drikkeopplevingar ispedd norsk tradisjon og natur. “Eg har eit brennande engasjement for ureist mat, lokale råvarer og mat med identitet. Eg er veldig oppteken av mat som finnast rett utafor døra som til dømes løvetann, marikåpe og granskudd. Kortreist mat finn eg innafor kommunen min. Lokalmat finn eg innafor fylket”, sa han i eit intervju med Bondelaget. Og ureist mat? Den finn Nesje innafor fjøsa og markene på Sogn Jord- og Hagebruksskule, kor han skal skape ein tre retters økologisk middag som serverast i eit stemningsfullt lavvotelt.

Foto: www.tentipi.com

Innimellom rettane vert det underholdning og festtalar, før det brakar laus på dansegolvet med Aurland Spelemannslag og bandet Frendar utover natta. Har du lyst til å vere med på hundreårets festmiddag? Meld deg på her innan 1. september. Det er begrensa med plassar, så den som kjem først til mølla … kjem fram til moroa!

Du kan vere med på reisa frå jord til bord

Som seg hør og bør på ein landbruksskule, får gjestane høve til å vere med på delar av reisa frå jord til bord. Fredag føremiddag står festførebuing i grupper på programmet frå klokka 9 til 12. Det vert ei rekke ulike verkstader leia av tilsette og elevar frå SJH, som til dømes innhausting av frukt og grønsaker, pressing av eple, foredling av fjellaure til mousse, ysting av ferskost, tilverking av Aurlandsspesialiteten sauebollar og kanskje blomsterbinding og anna pynting til lavvoteltet. Om du vil vere med, må du melde deg på innan 1. september. Det er gratis å vere med på verkstadene, men vi ynskjer å vite kor mange som kjem og sender deg ein e-post i forkant av jubileet for å høyre kva for ei gruppe du vil vere i.

Velkommen til ein uforglemmeleg festdag!