– Tida på SJH påverkar oss kvar einaste dag

Eit møte i mjølkegrava på Sogn Jord- og Hagebruksskule skulle sette fortgang i liva til Ragnhild Bjørkum og Lars Henriksen. Dei traff kvarandre i 2015, året Ragnhild slutta og Lars starta. Hausten 2016 flytta dei til Valnesfjord i Nordland for å jobbe på nabogarden til Lars sin heimgard, og i januar 2017 tok dei over drifta.

Korleis blei det dykk?

«Me møttes i mjølkegrava på SJH hausten 2015. Ragnhild hadde etter endt skulegang fått jobb som sesongarbeidar på skulegarden når Lars byrja på SJH i august, og det tok ikkje lang tid før me fann tonen og draumen om å drive gard ikkje var så usannsynleg lenger. Planane byrja å ta form og etter eit par turar til Nord-Norge og det arktiske klimaet var Ragnhild overbevist.»

Kva gjer de i dag?

«I dag eig og driv me garden med 18 mjølkekyr, kviger og kastratar. Oksekalvane våre har me kastrert for at dei skal kunne gå meir ute på skogsbeite og i utmarka. Gardens 217 daa fulldyrka jord er under omlegging til økologisk drift, og det me kjøper inn i år av frø og gjødsel er Debio-godkjent. Me har i tillegg fått oss nokre killingar som held skogsbeita ryddige og gir oss masse kos og oppmerksomheit. Når me er så heldige å eige ein gard betyr jo det uendelege muligheiter til å nytte ressursane her. Og me er i gang med poteter i tillegg til eit par andre grønsaker, samt frukttre som stammar frå Sogn.»

Korleis har tida på skulen påverka dykk?

«Tida på SJH påverkar oss kvar einaste dag. Noko av det viktigaste me har lært er å stole på sine eigne vurderingar og kunnskapar når ein skal ta ei avgjerd eller stake ut kursen for garden. Men samtidig vere open for nye måtar å tenke på og å skaffe seg meir kunnskap. Hadde me flytta hit utan å ha gått på SJH ville me nok ha gjort meir ”som alle andre”, men no har vi kanskje tyngden som trengs for å ta eigne val. Sjølv om det sikkert blir litt prøving og feiling. Både når me vurderer kva slags tilstand jorda er i, og kva slags tiltak som trengs. Eller korleis me skal fôre dyra – især mengde kraftfôr, tenker me etter kva me lærte på SJH. Så skulen er ei stor inspirasjonskjelde for oss!»

Kva er dei beste minna frå SJH?

«L: Stundene med Ragnhild. Alle dei flotte folka ein har blitt kjend med. Naturen, våren og sola som kjem tilbake. Det er så mange gode minner at eg kunne skrive ein bok om tida på SJH.»

«R: Når eg møtte Lars i mjølkegrava for første gang og kajakkturar på fjorden, bli kjend-tur til Dyrdal og Hovdungo, fjøsvekene, tid til å kose med killingar og turar med klassen i fjellet. Og alle folka soklart!»

 

Korleis blir framtida?

Garden skal jo vere eit levebrød for oss både økonomisk, men også når det gjeld sjølvforsyning. Me er berre inne i vårt fyrste år som bønder og det har vore krevjande på ulike plan. Me hoppa rett og slett i det på godt og vondt og har lært veldig mykje på kort tid. Det har resultert i mange fine augneblink og erfaringar. Som for eksempel å bli kjend med og ha oversikt over alle kyrne med kalvingar, insemineringar og fôring, planlegging av våronn, beiter, fellesbeite for mjølkekyrne og ikkje minst omlegginga til økologisk drift – som er ei viktig motivasjonskjelde for å drive garden vidare. Me har også fått oss ein kalv av gamalrasen STN – Sidet trønderfe og nordlandsfe som me gjerne vil satse meir på. Kanskje det blir Vestlandsk fjordfe etterkvart også? I næraste framtid kjem det nok også sauer på garden.

Økologisk mat viser seg å vere meir populært no og me anar ei viss styrking av kunnskap hjå forbrukaren. Her i bygda har me ein liten kolonial, ”Han Sylte”, som sel lokale og økologiske varer og dei er flink e til å vise korleis ein kan nytte desse produkta i kvardagen. For oss vil det kanskje vere ein plass å selje produkta våre etterkvart. Å vere sjølvforsynte med mjølk og andre meieriprodukt, samt kjøt og grønsaker har me også stort fokus på.»

Kvifor er økologi viktig?

«Fordi me er ein del av noko større, og alt heng saman. Me bør vere føre var og audmjuk overfor det me ikkje ser eller skjønner. Me har trua på langsiktige mål framføre intensivt landbruk og kortsiktig gevinst. Dessutan er det veldig spennande og givande å drive økologisk.»