Kompostkongen

Læraren Nathaniel Mead har ein slags kultstatus blant elevane på skulen. Han går under kallenamnet Nat, har ein sterk amerikansk aksent og var på alle dei kule rockekonsertane i USA på 70-tallet. I dag er han ein av dei med mest kunnskap omkring CMC-kompostering i heile landet.

«Eg gjekk her i 89/90 etter fyrst å ha arbeida som sesonghjelp sommaren 1989. Tidlegare hadde eg arbeida sju år som instruktør på friluftsskuler og fem år på biodynamiske gardar i USA og Noreg. Håpet var å kombinera tidlegare erfaring med jobb som lærar i økologisk landbruk. Utan nokon formell utdanning innan økologisk landbruk søkte eg som elev slik at eg kanskje kunne få ein jobb her på skulen seinare. Det verka som ein draumesituasjon å kunne kombinere det praktiske arbeidet på garden med praktisk og teoretisk undervisning av elevane.»

Draumesituasjonen blei til verkelegheit, Nat har no vore på skulen i nesten 30 år. Fyrst som praksislærar ansvarleg for grønsaksproduksjon og kompostering, deretter som fyrste lærar i foredlingsfaget. Etter kvart tok undervisninga så mykje tid at skulen såg seg nøydd til å tilsette ein ny gartnar.

No undervisar eg mest i økologisk jord- og plantekultur. Undervisninga på skulen har eit tett samarbeid med skulegarden og garneriet, dei viktigaste klasseroma våre. Det er noko som har vore svært viktig for min trivsel her som lærar i alle år. Innimellom tek eg òg oppdrag gjennom Ressurssenteret på SJH når dei arrangerer kurs der dei ynskjer mi fagekspertise, hovudsakeleg jord- og plantekultur samt kompostering.»

Korleis blei du så interessert i kompostering og jord?

«Godt spørsmål. Ein gong for lenge sida, da eg fyrst bestemte meg for å arbeide med øko-landbruk var det jorda som tok tak i meg som det mest grunnleggjande. Eg jobba på ein gard i USA der ein av pionerane for kompostering, Ehrenfried Pfeiffer, hadde arbeida. Han var død, men dei som hadde jobba med han var flinke til å kompostere og ivrige til å lære bort kunsten.

Spesielt ein av dei inspirerte meg da eg spurde han korleis eg best kunne lære om økologisk landbruk. “Gjer det!” sa han. Det var byrja. Sidan har det vore ulike kurs og over 30 år med praksis. «Learning by doing pluss refleksjon» er eit godt slagord for meg.»

Korleis komposterast det på skulen i dag og korleis skal det utviklast framover?

«På skulen har vi små- og storskala kompostering. Småskala er i bingar eller i små haugar, mest etter metoden der ein blandar godt i byrja men vender lite. I storskala bruker vi CMC-metoden som vektlegg aerobe prosessar med hyppige vendingar for ordentleg hygienisering og god styring på temperatur og CO2-utvikling. Ny forsking viser til fordelane med «mikrobiell karbonisering» eller MC-metoden; lite vending og anaerobe prosessar i startfasen. Dette skal vi prøve ut, men CMC fortset vi med. Tidspunkt i sesongen for spreiing av kompost (vår, sommar, haust) skal vi òg gjere forsøk med.»

Som tidlegare elev og lærar gjennom mange år har det etter kvart blitt ein del gode minne.

«Vi var med på eit Leonardo da Vinci Mobility-prosjekt der eg og fem elevar reiste til ein landbruksskule i Polen. Vi køyrde heile vegen med skulebilen og var der i to veker. Vi blei tatt imot som æresgjestar og dei viste oss mykje gøy og interessant – blant anna Polsk kultur-, landbruks- og krigshistorie.»

Matfestivalen i Bergen og torgdagar har alltid vore eit høgdepunkt. Å oppleve elevane i aksjon i møte med publikum skapar mange gode læringsopplevingar. Andre gode minner er frå øvingar og prosjekt der elevane får utfolde seg og gløymer tida slik at dei fortset å arbeide med oppgåvene sjølv om timen er over.»

Og til sist, kvifor meiner du økologi viktig?

«Utan økologi ville vi ikkje ha vore her… as simple as that. Det er vårt ansvar å forvalte verda med det som bakteppe. Eit av mine favorittsitat: “The human being, who guides and directs the beginning, the course and the end of the natural growth process, is the strongest force of nature. His or her ability is the final decisive factor.” – Ehrenfried Pfeiffer.»