Ysteriet

Sidan år 2000 har SJH hatt eige ysteri med produksjon, elevundervisning og kursverksemd. I 2020 vart ysteriet bygd ut og rusta opp etter alle kunstens reglar. I samband med skuleeigar Vestland fylkeskommune sin omfattande rehabilitering av skulen fekk både mjølkerom, garderobe og ysteri ei oppgradering. Dåverande Aurland Sparebank gjekk inn med finansieringsstøtte til ysteriet, noko som var kjærkome. No står det nye bygget der med solceller på taket, romslegare lokale, eigen brunostkjele fyrt med ved, gode lagringsforhold og nytt ystekar for ein noko større og automatisert produksjon. Ysteriet er tilpassa ulike energikjelder, små og enkle løysingar som passar både på ein støl og i rimelege lokale for foredling av eiga mjølk.

Produksjon og undervisning

Svært mange av dei som driv småskala ysteri i Norge har vore kursa ved SJH. Pensum er det same; rå mjølk rett frå fjøset er den hemmelege oppskrifta på trygg og god ost. SJH har økologisk sertifiserte kyr og geiter. Aktivitetane i ysteriet skjer i den tida på året då fjøset leverer mjølk, frå september til mai/juni. Ysteriet har jamleg produksjon av ulike produkt til gardsbutikken ved sida av å verte nytta både som undervisningsarena for elevane på skulen og som kurslokale for bønder som skal starte med, eller driv med, småskala mjølkeforedling. Kurstilboda våre kan du lese om i kurskalenderen. Frå hausten 2022 vil ysteriet også verte nytta som undervisningslokale for det nye fagskulestudiet i handverksysting.

Tradisjonsostar og anna godt

Særleg har tradisjonsostane og gamalosten sine røter i Aurland. Ystemiljøet ved SJH er veldig glad i gamalosten og surmjølksostane, og håpar dette skal inspirere andre til å satse på tradisjonsost framfor å berre laga ost etter søreuropeisk tradisjon. Gamalosten frå SJH fekk ein pangstart med gullmedalje på Landsutstillinga for gardsost i oktober 2009. Kvitosten til SJH er ein blandingsost av ku og geit. Dei ulike ostane som lagast på ystekursa vert lagt ut for sal i gardsbutikken. I ysteriet er det i tillegg produksjon av gamalost, rømme, kvitost, yoghurt, ferskost, salatost og blåmuggost. Med yoghurt som unntak vert alt produsert av upasteurisert mjølk* frå skulen sine kyr og geiter. Økologisk, sjølvsagt.

*Yoghurten vert også produsert av eiga gardsmjølk, men her pasteuriserast mjølka som ein del av prosessen.