Garden

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg på den gamle prestegarden Aurdal i Aurland kommune. Her har det budd og arbeidd folk i uminnelege tider. I gravhaugane på garden finst det spor av folk attende til folkevandringstida (om lag 400 e.Kr.). Garden opplevde 300 års glanstid før svartedauden, og deretter 300 tunge år før han vart prestegard i 1650.

SJH vart oppretta i 1917, og her kan du finne mykje stoff om 100-årsjubileet i 2017: SJH 100 år

Tidleg på 1980-talet byrja skulen å leggja om til økologisk drift. Skulegardsbruket disponerer i dag 250 dekar fulldyrka jord og 100 dekar innmarksbeite. I tillegg er skulen med i eit sameige av om lag 30 000 dekar utmark i fjellet. Som den einaste landbruksskulen i landet har SJH heile arealet godkjent som økologisk (av kontrollorganisasjonen Debio). På skulegardsbruket vert det dyrka både matvekstar og fôrvekstar. Knapt 100 dekar av det fulldyrka arealet er varig grasmark, som berre vert fornya når det er trong for det.

SJH har fokus på alle sider av gardsdrifta som påverkar kultiveringa av humusprosessane i jord, gjennom eit prosjekt støtta av Klima- og Miljøprogrammet i Landbruksdirektoratet. Les meir om prosjektet “Agronomisk optimalisering av karbonbinding og jordfruktbarheit” her.