Berekraftig læring ved Baroniet i Rosendal

Korleis forma ein skule som skapar berekraftig samfunnsutvikling? I mange år har Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) tatt imot elevar og skuleklassar til pedagogisk opplegg ut frå staden. Utvikla kurs for lærarar og lokale læreplanar frå fjord til fjell. Dette kan lesast meir om i boka Kunnskap for ei felles framtid.

No er SJH ved Jorunn Barane med i formidlingsdelen av eit større utviklingsprosjekt i samarbeid mellom Baroniet Rosendal, NMBU og Fatland slakteri, finansiert av Regionalt Forskingsfond, Vestlandet (Prosjektnr 271952 «Fjorlam»).

Elevar frå 4. klasse ved Omvikdalen skule er med, der målet er å styrkja verdikjeda og utviklinga av sauehald i området. På denne måten er elevane og skulen med å skape relasjonar og utvikling i lokalsamfunnet der utgangspunktet er staden og landskapet vårt.

Her kjem referat og oppsummering frå førjulsdagen i desember ved Baroniet:

Dagen er nøye planlagt ilag med Ingebjørg i fjøset og den franske baronikokken Ludo. Ute er det vinter og sola skin på toppane av kvite Melderskin og Malmangernuten. Det er ei stor oppleving å komma til Baroniet også på denne tida av året for å møte vinterhagen. For oss som fort kjem inn i eventyret, er stemninga om lag som i den tsjekkiske filmen Tre nøtter til Askepott. Både kjøkkenhagen og den stramme rosehagen ligg i dvale, paddedammen er islagt rundt tårnet, det ligg kvitt rim på bakken, stammer og røter på dei store og gamle bøketrea er enda meir tydeleg utan lauv. I borggarden står det pynta juletre med lys, elles er det heilt stille. Hagen og parken er magiske på ein slik kald vinterdag, som om det ligg ei forventning i lufta til våren som skal komma, eller og til akkurat denne dagen.

4. klasse kjem springande opp mot sauefjøset frå bussen, dei har gleda seg i fleire dagar. På beitet ved fjøset er lamma ute og luftar seg. No skal elevar og lærarar få innblikk i korleis bonde Ingebjørg styrer gjetarhunden sin og samlar flokken. Border Collien er opplærd i Skotland og lystrar fløyta på sekundet. Ingebjørg bles i fløyta som lagar ulike tonar og hunden veit nøyaktig og med ein gong kva han skal gjera. Han driv flokken frå den eine sida av jordet til den andre sida samlar dei og styrer dei rett inn i fjøset utan å nøle. Ingebjørg fortel at ein gjetarhund er til stor hjelp når ho skal samle flokken eller få dei ut og inn og flytta dei til nye beiter. Dessutan er det mykje mindre stress for sauen enn om vi skulle gjort det sjølve, seier ho. For oss er det ei stor oppleving å sjå og oppleva ein godt trena gjetarhund i arbeid.

Inne i fjøset er ungane ivrige til å finna og helsa på spelsauen som klassen har døypt Maria. Vi finn òg lammet ho fekk i vår. Det har kvitt mønster på snuten og er lett å kjenna att. No går væren ilag med søyene. Det er tid for paring og uti april ventar vi nye lam. Ingebjørg fortel om korleis ho fòrar og steller sauene gjennom året. Alt ho må passe på når det gjeld både sjukdom og trivsel, ha auga med alt som skjer frå beiting, slakting og klypping av ulla vår og haust. Ungane er gode til å lytta og stille spørsmål. Mange av dei har sau heime og har sjølve forteljingar å komma med, dei vil gjerne opp i bingen for å bli betre kjent med lamma.

Så er tida kommen til leik ute i parken og vi spring ned til isen ved paddedammen for å halde oss varme. No er det konsentrert friminutt eller fri leik ein liten time, arbeidet er i gang med å finne ut kor tjukk isen er og om den held oss.

Men ungane blir kalde, så då er det godt å komma inn i varmen og til grua som brenn i gamla kjøkkenet på Avlsgården. Den franske baronikokken Ludo har førebudd gjestebod til oss denne dagen. Vi får setja oss til fint dekka bord og får menyen presentert. Tre rettar har han laga og vi skal vera med å stemme på den beste. Til forrett får vi vårrullar med lammekjøtt som vi kan dyppe i sursøt saus med bær og frukt frå kjøkkenhagen. Ungane er undrande svoltne og kosar seg stort, dei smakar og diskuterar. Neste rett vert presentert med namnet lollipopp: ei lita lammeribbe som er krydra godt og steikt med urter og stø. Enda vi trur at dette var alt, kjem hovudretten på bordet med tapas av lammekjøttbollar, italiensk krydra tomatsaus, stekte poteter og råkostsalat. Ungane klappar i hendene og vil gjerne intervjue kokken (på engelsk sjølvsagt) kor har han lært å laga så god mat, kva interesser har han elles og ettersom vi blir betre kjende vågar fleira og fleire av elevane å ta ordet. Det heile minner om Babettes gjestebod som mange av oss har sett på film. Vi som er vande med brunost og nistepakke, kjenner oss løfta av denne gode maten med så god kvalitet. Og ikkje minst omgjevnadane og måten maten vart formidla og presentert på. Før desserten som består av varm sjokolade, kake og fersk ananas vert det boklansering. Alle elevar får med seg ny lesebok heim til skulen med forteljing frå garden Sjøtunet i Øystese der dei fylgjer sauen gjennom året «frå paring til pinnekjøt».

Vi avsluttar dagen med juleforteljing av Selma Lagerløf rundt elden ved grua. Neste gong vi kjem uti mars er det fokus på klypping og bruk av ull og ullkvalitet. Sauen kan nyttast på mange områder i livet og er ein trufast venn og kulturberar for både landskap og folk. Vi er takksame for alt den gjev oss av opplevingar, god mat og varme klede.

Tekst: Jorunn Barane    Foto: Tore Eik