FRÅ GJETAR TIL REKTOR PÅ SJH

Foto: Dorthe Bechmann

Elevreportar Isak har hatt samtale med Børre Solberg, rektor på Sogn Jord- og Hagebruksskule om hans bakgrunn og om framtida for norsk jordbruk.

Kor lenge her du jobba som rektor på SJH?

Eg starta i 2021, so det vert to år i august no.

Kva er ditt forhold til landbruk? 

Då må me tilbake til mi oppvekst. Eg var jo bygut, men familien min var del av den grøne bølgja på 1970-tallet. Dei flytta vekk frå byen til Telemark der dei tok over ein fjellgard frå besteforeldra mine. Der voks eg opp og gjennom erfaringane i gardsarbeidet fekk eg òg ein sans for landbruket. Me hadde 70 vinterfôra sau som gjekk på eit svært utmarksbeite i fjella, og der måtte eg vera gjetar innimellom. 

Då eg vaks opp såg eg samtidig korleis landsbygda vart plaga med fråflytting og nedlegging av gardsbruk, og det var ei årsak til at eg i ungdomen byrja å interessera meg for politikk. Kva kunne me gjera for å snu dette, slik at folk kan bli buande på landsbygda og driva med småbruk? Det førte meg til Norges Landbrukshøgskule på Ås (NMBU), der eg studerte landbruksøkonomi. Noko som eg hugsar særleg frå den tida var praksistida på ein konvensjonell gard i Rogaland med bær- og tomatproduksjon i veksthus. Det var spesielt å sjå den intensive veksthusbransjen på nært hald, på godt og vondt. 

Mitt i studiet tok eg ein pause og drog til Ultuna i Sverige, der dei hadde eit u-landskurs på Sveriges lantbruksuniversitet. Kurset gjaldt landbrukssituasjonen i tredje verda og korleis økonomiske tankemønster og kolonial problematikk påverka landbruket. Eg deltok óg på studiereise til bønder i Sentral–Amerika.

Etter utdanninga hadde eg sivilteneste hos Norsk Økologisk Landbrukslag, føreløparen til Økologisk Norge, og der fekk eg første innblikk i kva økologisk jordbruk er. Deretter jobba eg lenge i redaksjonen hjå Bonde- og Småbrukarlaget, og seinare som frilansar før eg hamna som dagleg leiar på ein Steinerskule i 2000. Etter mange år byrja eg å sakna landbruket, og i 2017 søkte eg som dagleg leiar hos Økologisk Norge, og der vart eg fram til 2021 før eg kom hit til Aurland. 

So mitt forhald til landbruk har vore prega av erfaringar frå ulike typar jordbruk, både frå økologiske småbruk i Nicaragua til konvensjonell stordrift i Rogaland. Eg har trua på det økologiske jordbruket. 

Kva trur du om framtida for jordbruket i Norge?

Eg tenkjer at alle land må ha ei eiga matvaresikkerheit, og det kjem aldri til å gå av moten med å driva med matproduksjon i Norge. Men me har det landskapet me har, med sine føresetnader, og me må sjølvsagt tilpassa landbruket til det aktuelle landskapet. Her trur eg me kan læra av liknande land som Austerrike og Sveits som har eit mangfald av driftsmåtar tilpassa varierande landskap. Her på økoskulen har me flate jorde, og me må driva på ein annan måte enn dei gjer på høgdegardane. Men det må vera plass til begge typar driftsmåtar, og der har jordbrukspolitikken med støtteordningar ei viktig rolle. Du kan ikkje ha ein heilt fri marknad eller støtteordningar som aukar desto større du er. Då tapar småbruka. 

Eg trur at småbrukarar har ei framtid i Norge. Dei store kan verta veldig sårbare i ein krise, medan mange små som toler at det “blæs litt” har ei styrke.

Kvifor økologi? 

Slik eg nemnde so har eg sett korleis det konvensjonelle landbruket verkar, og der opplever me at det ikkje er framtidsretta. Dei brukar mykje ressursar som vil på eit tidspunkt ta slutt. Me erfarer at fleire av plantevernmidlane i konvensjonell drift vert forbodne før eller seinare, på grunn av negative konsekvensar for jorda og miljøet. Det er ei drift som utarmar jorda. Slik sett har ho inga framtid, men det har det økologiske. Eg har treft mange konvensjonelle bønder som har lagt om til økologisk drift, og dei meiner at det er ei drivkraft i seg sjølv. 

Kva kan SJH tilby nye elevar? 

Ei årsak til at eg byrja som rektor på SJH var fordi eg har kjennskap til at mange av elevane som har utdanna seg her har fått med seg noko verdifullt, både praktisk og teoretisk kunnskap. Me høyrer ofte i debatten at økologisk landbruk ikkje fungerer, det vert ingen avlingar, det går ikkje, men her ser me at det verkeleg er framtida, og me kan tilby kunnskap elevane treng for å drive økologisk. Det er óg ein entreprenørånd i undervisninga. Dei får moglegheit til å utvikle og prøva seg på nye ting, blant anna ungdomsbedrift, og kanskje ta det vidare etter skulen. Me ser fleire elevar som har gått frå skuleprosjekt til å starta verkelege bedrifter. Det er ein praktisk handlingskompetanse som skulen kan tilby elevar her, grunna ei kopling mellom teori og praksis, slik at det vert meir en berre noko abstrakt og intellektuelt. Det er i kvart fall det eg meiner er det viktigaste. Utover det er det òg eit fint lokalmiljø og eit sosialt fellesskap som er ei veldig god erfaring å ta med seg i livet.

Er det noko du brenner for?

Eg brenn for drivkrafta som finst på SJH og hjå elevane her. Alle seier at det ikkje går . Eg tenkjer at det går, men ein må tora å prøva. Ein skal ikkje gje opp. Økologisk landbruk er framtida!

Tekst: Isak Eriksson