Frå SJH til eventyr og familiegard i Fresvik

Dag Einar Bøtun haustar i bringebærtunnelen. Under ein pandemi må bonden sjølv trå til som plukkar.

Dag Einar Bøtun gjekk samlingsbasert Vg3 på SJH og har tatt med seg mykje av lærdommen derfrå direkte inn i drifta på Bøtun gard og inn i bedrifta Bøtun Adventure Group.

– Kvifor byrja du på SJH?

– Eg skulle ta over familiegarden i 2020, og ønskja breiare kompetanse kring gardsdrift, difor gjekk eg samlingsbasert studie på SJH i 2019/2020. Sjølv om eg er oppvaksen på gard, er det utruleg mykje å setje seg inn i. Det var mange oppgåver på garden eg var trygg på, men eg visste likevel ikkje kvifor og når dei skulle utførast. Til dømes har eg teke mange fjøsstell, og veit kor mykje fôr dyra bør ha, men kva utrekningar som ligg bak dette behovet, hadde eg ikkje peiling på. Eller kvifor startar me med beskjæring av bringebæra akkurat når me gjer? Og når er eigentleg epla haustemodne? Det er mange slike spørsmål som dukkar opp når ein sjølv har hovudansvaret. Dessutan har både far min og to av søskena mine gått på SJH tidlegare med positive erfaringar. Det siste handla og om utvikling. Dersom eg kun har erfaring om dei produksjonane som allereie eksistera på garden, er det vanskeleg å starte med nye produksjonar. Det å få ein god basiskunnskap om mange ulike produksjonar gjer det enklare for meg å ta konstruktive val i framtida, ikkje minst når det gjeld å ta «økologiske» val.

Sau på beite i Fresvik

– Kva er dei beste minna frå SJH?

Sida eg gjekk på samlingsstudie, er det begrensa kor mykje me fekk vera med på. Totalt hadde me åtte samlingsveker. Det som sitt sterkast igjen, er undervisningsforma. Det å kunne gå gjennom noko teoretisk i klasserommet, og deretter gå rett ut på garden og gå gjennom det same i praksis er heilt etter mitt hjarta. Alt blir meir reelt og forståeleg når ein lærer gjennom praktisk arbeid. Det å lære seg teorien kring jordprøvar og analysar kan vera kjedeleg i seg sjølv, men når ein veit at ein etterpå skal ut å sjå på jorda med eigne auge, samle inn prøvar og analysera dei, då blir alt plutseleg meir spanande. Eg er sjølv utdanna lærar, og meinar at denne undervisningsforma skulle vore mykje meir inkludert i grunnskulen på alle offentlege skular.

Høyet skal inn, også i Fresvik

– Kva arbeider du med no?

No driv eg garden på fulltid, etter at eg tok over januar 2020. Her har eg i underkant av 90 Norsk Kvit Sau i fjøset, 5 dekar med økologisk eple, og 16 dekar med bringebær og jordbær. I tillegg er eg medeigar i eit guiding-firma, kalla Bøtun Adventure Group (som blei oppretta som ein konsekvens av driftsplan laga på SJH). På garden bur eg saman med sambuaren min Marie, som er rektor på skulen i bygda. I tillegg har eg mamma og pappa i kårhuset, som er flinke til å hjelpe til i det daglege arbeidet på garden.

Dag Einar og faren kløyvar gran

– Korleis har tida på SJH påverka deg?

Først og fremst har SJH gitt meg ein utruleg bra start på mange områder når det gjeld gardsdrifta. Gjennom arbeidet med driftsplanen, så brukte eg min eigen gard som utgangspunkt for alle oppgåver. Fôrplanen me laga, heng i fjøset, og blir brukt den dag i dag. Dekningsbidrag på bringebæra brukte eg til å rekne ut kva eg kunne tilby arbeidarane mine i løn. Grønsaksoppgåva utførte eg i praksis, og laga meg ein 1 dekar stor grønsakshage i fjor, som forsynte oss med mykje gode grønsaker gjennom seinsommaren og hausten. I oppgåva om produktutvikling, laga eg ein plan for sal av eplesaft frå eigen gard. Og når rognebærmøllen slo til i sommar, og alle epla fekk små skadar, så satte eg den teoretiske planen ut i live, og produserte over 1500 l økologisk eplesaft. Då hadde eg allereie kunnskap om kva prosessar som måtte til, både av regelverk, utførelse og søknad til mattilsynet. Og ikkje minst oppretta me guiding-firma Bøtun Adventure Group (BAG), med utgangspunkt i oppgåva om ein forretningsidé. Me hadde snakka om ideen i eit par år, og når me fekk oppgåva fekk eg tid til å verkeleg setje med inn i oppgåva, og løyse dei praktiske utfordringane. Me fekk blant anna eit stort tilbod frå eit Cruise-firma nokre månadar etter at det blei oppretta. Sjølv om Covid-19 situasjonen satt ein stoppar for akkurat den avtalen, så er det morosamt at eg har kunne trekke så mykje frå undervisninga og direkte inn i den dagleg drifta på garden.

Ferdigpressa eplesaft ligg til pasteurisering

– Kvifor er økologi viktig for deg?

Eg er oppteken av at ein skal tilstreba ein produksjon som er sjølvbærande og basera på mest mogleg lokale og fornybare ressursar. Eg trur me kan møte på store utfordringar dersom me held fram med rovdrift på jorda vår, med kunstige plantevernmiddel og gjødsling. Eg meinar det er viktig at alle er oppmerksame på dette og har det i tankane sine ved alle val som blir gjort på ein gard. Men eg må jo også nemne, at av dagens produksjonar, så er det berre eplefeltet mitt som er økologisk.

Bøtun Gard sin grønsakshage til eige bruk. Her har det vore både sukkererter, salat, grønnkål, løk, nepa, mainepe, purreløk, potet, gulrøtter, brokkoli, blomkål og mykje meir.

– Kva er planane vidare?

Planen vidare er å halde fram med gardsdrifta, utvikle garden og meg sjølv, og gjera dette til ein sikker arbeidsplass også for neste generasjon.

Om sommaren skal sauen i fjellet ha jamleg tilsyn. Her er Dag Einar i Jordalen.

Du kan sjekke ut nettsida til Bøtun Adventure Group her: https://www.botunadventure.com/

Facebooksida til Bøtun Gard kan du følge her: https://www.facebook.com/B%C3%B8tun-gard-115908750240748/