Mjølkeringen UB

Intervju med Thea Falck og Johanne Paulsen i Mjølkeringen. To av vinnarne til jord-fjord-bord-prisen 2023.

Den 7. mars deltok 53 skuleelevar frå Vestland fylke i Jord-fjord-bord-dagen, ein konkurranse for ungdomsbedrifter, for å skape nye matrettar av lokale og bærekraftige råvarer.

Kva er Mjølkeringen?

Johanne: Mjølkeringen er ei ungdomsbedrift (UB). Det starta med ein idé om at me ville laga mjølkeprodukt. Nokon ville laga is og andre ville laga ost. Me kombinerte dette med ein tanke om å kunne bruka alt av mjølka og ikkje ha noko restprodukt til overs. Når du lagar is av fløyte så får du skummamjølk, og då kan du laga ost av det.

Thea: Til dømes skjørost eller pultost.

Johanne: Etter kvart so endte me opp med to produkt som me no fokuserar på, steikost og is. Me har eit samarbeid med ysteriet på skulen om å få fløyte når dei lagar gamalost.

Thea: I gamalost nyttar ein skummamjølk, so då er det fløyten som blir til restprodukt når du separerar mjølka. Det vart ein veldig god is med kufløyte og geitemjølk frå skulen. Steikosten er av geitemjølk, og frå mysa som blir overs i produksjonen lagar me prim.

Kor sel de produkta dykkar?

Johanne: Dei er til sals i gardsbutikken hjå skulen og me har nettopp fullført ei bestilling til eit arrangement med matservering.

Thea: Me har òg planar om å selja produkta på Sognasmak i Lærdal og vonar å få eit samarbeid med Fretheim Hotell i Flåm. Interessen er stor! Me ynskjer eigentleg å produsera meir enn kva me har kapasitet til i dag, med tanke på tid og produksjonslokale. Det er veldig kjekt at det blir teke so godt imot.

Er det å drive ungdomsbedrift ein del av undervisinga?

Thea: Ja, alle elevar får undervisning i ungdomsbedrift i vg3. Ein kan sjølv velja forretningside. I fjor var det til dømes elevar som hadde kurs i grindbygg, og andre arrangerte gamalostfestival og kjeaften.

Er dette noko som de vil fortsette med i framtida?

Johanne: Vel, me er nødt å avvikla ungdomsbedriften, men det er jo mogleg å starta på nytt etter skulen. Det er veldig spanande å sjå at det finst ein so stor marknad for bl.a. lokalprodusert steikost. Den du får kjøpt i butikken er jo importert frå Kypros og Hellas!

Thea: Noko me gjerne vil ta med oss vidare er kor positivt innstillte mange restaurantar, hotell og ikkje minst lokale folk er i lokalproduserte produkt. Me er fleire i Mjølkeringen som har planar å fortsetja i framtida med ysting og mjølkeforedling.

Kvifor geitmjølk?

Thea: Det er mange grunnar til det. Mange trur at geitemjølk er ubrukeleg og smakar sterkt, men det er ikkje nødvendigvis sant. Me har ikkje hatt noko problem med geitesmak i isen. Til steikosten er geitemjølka særleg godt egna fordi ho har lite tørrstoff. Då får du ein steikost som held forma når du steiker han, mens steikost laga på kumjølk er meir flytande.

Me må også sjå på dei gode beitemarkene me har i Noreg. Dei er rett og slett perfekt egna for geiter, og då må me sjølvsagt læra å bruka produkta me får frå geita. Ein del meiner at me har overproduksjon på geit her i Noreg, men samtidig importerar me masse av fetaost og steikost frå utlandet som me like gjerne kan laga sjølv! Kva er logikken i det?

Kva er det beste og verste med geit?

Johanne: Alt er bra med geit!

Thea: Dei har ein veldig sterk vilje, og det er både det beste og verste på same gong!

Frå v: Caroline Knudsen, Katrine Jensen, Bendik Notøy, Otilie Brubær Stokseth og Frøya Torvik. Bak fra v: Lars Bjørgo, Thea Falck og Johanne Paulsen.

Meir informasjon om Jord-fjord-bord-dagen finn du her: https://www.ue.no/vestland/info/fylkesmesterskap-ungdomsbedrift/jord-fjord-bord-dagen-i-aurland

Tekst: Isak Eriksson
Foto: Marianne Skudal