SJH har fått 5 årsplakaten frå Tine

Sogn Jord- og Hagebruksskule har no gleda av å motta 5 årsplakaten frå TINE for godt fjøsstell og levering av elitemjølk.

Dette er jo veldig kjekt å få, seier fjøsmeisteren på skulen, Even Hov. Me har allereie fått ein 5-årsplakat for geitemjølka, og no får me for kumjølka òg.

Skulen har no åtte kyr som mjølkast kvar morgon og ettermiddag. Under særskilde fjøsveker er elevane med og mjølkar. Seks av kyrne er Norsk Raudt Fe (NRF), mens dei to siste er vestlandsk fjordfe, ein utryddingstruga kurase som er den opphavlege rasen på Vestlandet.

Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga som finst innan norsk mjølkeproduksjon. Krava for elitemjølk er blant anna lågt celletal og liten forekomst av bakteriar. For å produsera elitemjølk, særleg under ein lenger periode, må det til god hygiene og høg dyrevelferd. Celletalet stig i samband med infeksjonar og derfor er det om å gjera å halda kyrne reine og i god stand. Plakaten frå TINE er ei påminning at vi har høg standard på mjølka og omsorg for dyra.