Heller bonde enn byråkrat

Musikaren Silje Strøm innsåg at det må praksis til for å drive eit jordbruk. Tida på SJH gav henne det ho trengte for ei framtid som økobonde. No driv ho med gartnararbeid mellom platesleppa.

Kvifor byrja du på SJH?

Eg bestemte meg for å byrje på SJH etter ein sommarjobb som gjetar kor eg erfarte at avstanden mellom teori og praksis kan vere stor. Eg hadde studert nokre år på Universitetet i Ås og var engasjert i forskjellege politiske organisasjonar. Eg var (og er framleis) engasjert i jordbrukspolitikk, men følte ikkje at eg hadde truverdigheit som “kaffe latte-miljøvernaren”, som eg ikkje likte, men måtte innrømme at eg var. Eg måtte gjere noko med mangelen på praksis.

Kva har du teke med deg frå skuletida?

Veldig mykje!  Eg har fått ei enorm rikdom frå tida i Aurland. Venskap eg fekk er framleis veldig verdifulle og eg saknar samhaldet vi hadde den gongen. Dei praktiske ferdigheitane mine i tillegg til kunnskap om alt frå husdyr, plantar, foredling og maskin har ført til meistringskjensle. Eg synast dei kjekkaste emna på skulen var då me jobba med tre og maskinar. Eg dankar ut dei fleste jevnaldrande i både motorsaging, hengarrygging og oljeskift. Det kjenns heilt rått og gjev meg mykje sjølvtillit. I jobben min som gartnar har eg mykje nytte av eigenskapane eg fekk i Aurland. Eg er veldig stolt av å kalle meg sjøl agronom.

Kva er dine planar for framtida?

Mine framtidsplanar er å bruke dei praktiske og teoretiske ferdigheitane til å skape ei betre verd. Eg drøymer sjølvsagt uendeleg mykje om å drive ein gard kor eg kan leggje til rette for biologisk mangfald, vere sjølvforsynt, lagre karbon, ha god dyrevelferd og skape ein plass kor folk kan ha det fint i lag. I nærmare framtid får det halde med gartnarjobb, plateslepp, seilturar med kjærasten og dyrking på altanen.

Kva gjer du no?

I dag bur eg i Bergen i lag med kjærasten min, og arbeider som gartnar i Muséhagen. I tillegg spelar eg tverrfløyte i det platesleppaktuelle og politiske bandet Sliteneliten.

Foto: Silje Strøm
Tekst: Isak Eriksson