No går vegen vidare innom veterinærutdanninga på Ås

Etter to interessante år på Sogn Jord- og Hagebruksskule fekk Tord Kjeldsen mange gode erfaringar i livet som har inspirert han til å bli veterinær.

Kvifor byrja du på SJH?

Eg byrja på SJH i 2020 utan å kjenne så mykje til skulen på førehand. Eg hadde budd eit år i Sogndal og visste at eg treivst veldig godt i Sogn, både med folket og naturen, og eg ville ha ei praktisk utdanning i tillegg til studiespesialisering før eg tok fatt på dei vidare studiane mine.

Kva gjer du no?

No bur eg på Ås der eg går tredje året på Veterinærhøgskulen. Ved sida av arbeider eg som forskingsteknikar i universitetet sin fjøs og klypper sau i området.

Kva er planane for framtida?

Grovskissa inneber å fullføre studiet, arbeide som dyrlege anten i vest eller nordaførr, og sjå kor det ber. Eg har ikkje noko plan, eg tenkjer det viktigaste er at eg trivst med plassen eg bur og folka rundt meg, og at eg får skaffa meg nye opplevingar og lærdommar. Kanskje til slutt kjøpe gard!

Kva tek du med deg frå SJH?

Eg har mykje inspirasjon frå SJH eg framleis hentar fram, som til dømes tankar om økologisk og regenerativt landbruk, sosial rettferd, dyrevelferd, foredling, entrepenørskap og ressursutnytting. Dette er ting eg nokre gongar møter direkte i veterinærutdanninga og som gjer ein i stand til å sjå ting frå fleire perspektiv. I tillegg føler eg at det eg lærde på skulen gjev meg eit forsprang på mykje av det eg skal lære no! Tida på SJH påverka meg, til dømes kva for mat eg ser etter på butikken, korleis eg meiner ein skal utnytte ressursar og kva for verdiar som er viktig for meg. Men minst like viktig er jo Aurlandskjensla. Eg blei kjend med fleire av dei artige og flotte folka som bur i Aurland. Klassa vår var veldig bra (heia dokker, gler mæ te å sjå dokker igjen enten her eller der!).

Eg fekk gått mykje på ski og til fots i fjellet og padla på fjorden. Eg lærde meg å klyppe sau, mjølke geiter, leita etter sau i fjellet og meir til.

Inspirasjon til å byrje på veterinærutdanninga fekk eg på SJH . Men eg har óg lært meg å setje pris på å dyrke grønsaker og ikkje berre ha interesse for husdyr. Mykje nyttig lærdom har eg fått frå SJH, og møtt folk eg aldri kjem til å gløyme. Å kome til Aurland er som å kome heim.

Kvifor er økologi viktig?

Økologi er viktig fordi grunnprinsippa i økologisk landbruk er sunt bondevet, god agronomi og god ressursutnytting. Økologisk landbruk har vore ein spydspiss når det gjeld dyrevelferd, kunnskap om jorda, ressurutnytting og sirkulærøkonomi, og kjem til å bli endå viktigare som ein banebrytar og kunnskapsformidlar i åra som kjem. Med ei dreining mot eit meir beredyktig og regenerativ jordbruk vil dette gagne både dyra, maten, folk, og miljøet. Eg gler meg til å bli med på reisa til landbruket vidare då det har godt potensiale og gode forutsetningar for ei berekraftig framtid.  

Foto: Tord Kjeldsen
Tekst: Isak Eriksson