Lenge leva gamalosten!


Gamalosten vart heidra under Gamalostfestivalen i Vik denne pinsa. SJH stilte opp med eigen stand då me vart invitert av Gamalostlaget.

Me serverte smaksprøver av gamalostar med ulike aldrar, frå ein på fire månader til ein på nesten fire år. Reaksjonane var alt i frå rynker på nosi til gode minne attende til då besta brukte å laga gamalost på stølen. Takk for at me fekk koma, lenge leva gamalosten!

Morten Stadheim til høgre er nevøen til Anna Aase frå Vik som saman med Lussie Aase utvikla oppskrifta me nyttar når me ystar gamalosten vår. Her med den tre og eit halvt år gamle gamalosten til Maria Ballhaus, tidlegare ystar på skulen.




Tekst: Olav Torgersen
Foto: Gry Tokvam