Gjennom å arbeide med hendene fann ho si drivkraft


SJH vart eit vendepunkt i livet til Marlin Nakken Kjelsvik. Mens ho før var rastlaus og mangla motivasjon, vart praktisk arbeid vegen til ro. No er ho meddrivar av Sellanrå Gardskollektiv på Halsnøy.

Marlin og medelev i arbeid med grelinetta. Foto: Cathrine Nystuen

Kvifor byrja du på SJH?
Eg byrja på SJH fordi eg endeleg skjønte at eg skulle arbeide med hendene. Eg hadde i fleire år flakka mellom forskjellige studiar og arbeid, frå plass til plass utan å finna motivasjon. Eg hadde ei indre uro som eg ikkje skjønte kor kom i frå. Eg drøymde om eit anna liv, kor eg kunne arbeide praktisk, sjå ting vekse og vere ein del av eit krinsløp. Eg hadde drive å nerda litt ysting på youtube, og fann ut at eg ville ta eit ystekurs på SJH. Då eg kom til Aurland og fekk omvising på skulen vart eg slege i bakken av ei openbaring. Tenk at ein kunne gå på den skulen og drive med planter, dyr og kule handverk kvar einaste dag! Eg hadde aldri vore så sikker på noko før, og eg søkte om plass på skulen så fort eg kom heim att. Eg hadde praksis hjå Norsk senter for økologisk landbruk eit par månadar den sommaren, og var så heldig å få byrja på SJH same året hausten 2019.

Kva er dei beste minna frå SJH?
Med tanke på undervisning må eg trekke fram lære om jord, kompost-te og biodynamiske preparat med lærar Nat. Eg fekk ei djupare forståing av livet i jorda, og korleis me kan arbeide for ei betre jordhelse. Jorda er jo det viktigaste me har! Eg må òg trekke fram Monica sine hagebrukstimar. Monica sitt brennande engasjement for alt som veks er umåteleg smittsamt. Eg fekk nerda skikkeleg på naturmedisin, og det har i ettertid fortsett å vere ei av mine store interesser. Elles var alt frå poding av tomatplanter, lære om plantesjukdommar, frøtaking, såing og prikling veldig gøy og lærerikt!

At eg fekk bruke fordjupningsoppgåva i foredling siste året til å dyrke østerssopp, var også stor læring for meg. Soppen selde eg på gardsbutikken med stor suksess!

SJH var eit stort vendepunkt for meg kor eg fann mi drivkraft, og det sosiale spelte ei stor rolle i dette. Eg hadde ein klasse full av engasjerte, morosame og livsglade menneskjer. Me arrangerte bondeopprør, lagde bygdas fyste 1.mai feiring, arrangerte demonstrasjonar på Vangen, og me arbeidde for betre dyrevelferd. Eg fekk venar for livet, og til og med venar som eg bur og arbeider med i dag.


Kva arbeider du med no?
No er eg meddrivar av Sellanrå Gardskollektiv på Halsnøy i Kvinnherad. Me var fire tidlegare SJH-elevar som starta dette prosjektet våren 2021. Me hadde ein draum om å dyrke jorda i felleskap, og skape ein stad kor folk kunne komme å lære om sjølvberging, økologi, permakultur og ein alternativ levemåte. Då moglegheita om å kjøpa eit småbruk baud seg fram, flytta me hit for å realisere draumen. Fokuset vårt ligg i å verte så sjølvberga som mogleg og formidla kunnskap kring dette. Fram til no har det vore mange innom garden i korte og lengre periodar. Sakte, men sikkert utviklar garden seg til å bli den staden me har drøymd om. I tillegg til arbeidet på garden skriv eg ei fast spalte i REN MAT om sjølvberging med Sellanrå Gardskollektiv. Det å få arbeide med natur, økologi og handverk saman med andre, og samstundes få dela det skriftleg med fleire gjev meg verkeleg stor livskvalitet!

Gårdskollektivet på Sellanrå. Foto: Gina Eriksen Albrethson (Kvinnheringen)

Korleis har tida på SJH påverka deg og arbeidet du gjer?
Som sagt vart SJH eit vendepunkt i livet mitt kor eg fann mitt engasjement, så skulen har definitivt påverka den vegen eg har vald og det livet eg lever i dag. Då eg arbeider på eit småbruk nyttar eg kunnskap eg har lært på SJH kvar einaste dag, i alt frå såing til hausting og dyrestell. Me fekk gå i djupna på alt som har med planter, dyr og jord å gjere, og med kvar puslespelbrikke fekk me ei større forståing for krinsløpet og dei holistiske samanhengane.

Kvifor er økologi viktig for deg?
Økologi for meg handlar nett om å sjå dei store samanhengane, og å ha empati for omgjevnadane våre. Det handlar om å leggje til rette for eit stort mangfald i biodiversitet, bygge opp jorda, og å leve med naturen. Økologi for meg handlar om solidaritet med natur og menneske verda over. Det vil seie at me må byggje opp eiga jord og best mogleg nytta dei ressursane me har for å auke sjølvforsyningsgraden, og slik la være med å utnytte natur og folk andre stader. Eg meiner at økologi er nøkkelen til å løyse mange av dei store utfordringane me har i dag, både med tanke på klima og naturkrisa, og den sosiale uretten og skeivheita i det globale og det lokale samfunnet. Dette er nok essensen av det som gjev meg pågangsmot og motivasjon, sjølv på regntunge dagar med mykje slit!

Marlin som diggar jord, saman med Cathrine, i ein undervisningstime for å ta testar av jorda.
Foto: Sunniva S. Skeidsvoll

Kva er planane vidare?
Planen vidare er å fortsetje reisa mot å bli sjølvberga på Sellanrå og dela av erfaringar og kunnskap gjennom blant anna kurs. Dette inneber at me har mykje å lære, og mykje å sjå fram til av nye erfaringar og nye menneskemøte. Me ynskjer jo òg at denne staden skal vekse, og me vil gjerne at fleire skal ta del i kollektivet etter kvart. Me vil vera med på å skape endringar til det beste for natur og menneske med jord under neglane, og me skal ha det veldig gøy på vegen!

Til sist må eg jo seie at SJH-elevar og andre nyfikne, engasjerte sjeler alltid er velkomne til å besøke oss!

Tekst: Frøya Torvik
Foto: Fyrste bilete Ina Støen. Elles sjå bildetekst