SJH-paret har fått tryggleiken til å kunne prøve og feile


Klassekameratane ved SJH vart ikkje overraska då Rannveig Otherhals Kjersem og Leiv Haugen Havrevoll vart kjærestar. No driv dei med sau på heimgarden til Leiv i Suldal, planlegg utviding med fjordfe og skal gifte seg til sommaren.

Kvifor byrja dykk på SJH?
Leiv (elev 2017–2019): Eg hadde eigentleg andre planar. Eg skulle ha eit friår, reise til USA og ha landbrukspraksis. Etter visumtrøbbel gjekk dei planane i vasken, og plutseleg stod eg utan nokon plan for det neste året. Ved ein tilfeldigheit trefte eg Øystein Skjæveland, drivar av Isrosa og tidlegare SJH-elev, og han råa meg til å søkje til SJH. Det gjorde eg, noko som viste seg å vere hell i uhell, for det var det same året som Rannveig begynte!

Rannveig (elev 2017–2019): Eg gjekk først på ein annan naturbruksskule, men fann ikkje heilt min plass der og var nok litt rådvill. Eg kom over SJH på Instagram, der dei stemningsfulle bileta og den økologiske tilnærminga til faget gjorde skulen til eit tydeleg godt val. Så enkelt er det!

Leiv køyrer traktor i skulens eplefelt. Foto: Elin R. Grande

Kva er dei beste minna frå SJH?
Leiv: Alt! Alle dei ulike menneska som gjekk så godt ilag! Men særleg all praksisen og skuleturane, husdyr med Even og Kristin, bygg med Thorvald og kompost med Nat. Eg hugsar særleg godt dagane med tømmerhogst saman med Marco og Olav Einan. Eg må også nemne timane med jordarbeiding – det var veldig kjekt at me som elevar greidde å gjere så fint arbeid, truleg ein konsekvens av flinke og pedagogiske lærarar! Det er mange fleire ting eg kunne nemnt!

Rannveig: Det er så mykje! Alle lærarane var så utruleg engasjerte og flinke i faga sine! Alle dei praktiske timane var sjølvsagt veldig kjekke, men eg likte også godt timane i klasserommet, både på grunn av dei kunnskapsrike lærarane, men òg fordi det berre var så kjekt å vere saman med klassen. Eg stifta fleire venskap, og nokon av dei har sett djupe spor.

For utan å vere saman med folka, er skuleturane og fjellturane gode minner frå SJH. Eg hugsar særleg godt reinsdyrjakta saman med Thorvald, der me attpåtil fekk fangst, og sauesamlinga. I tillegg må eg trekke fram dagane på Sinjarheim.

Stolte SJH-jenter på reinsdyrjakt med lærar Thorvald. Rannveig nr. to frå venstre. Foto: Thorvald Tokvam

Kva arbeider de med no?
Me overtok heimgarden til Leiv på Nesflaten i Suldal for litt over eit år sidan. Det er hovudsakleg eit sauebruk med 50 vinterfôra sauer. Me leiger nabogarden, og til saman har me 56 mål dyrka mark og rikeleg med utmarksbeite. For halvanna år sidan kjøpte me to vestlandske fjordfe. Dei skal kalve no i februar/mars. Me har også nokre ender og høns.

I tillegg til dette held Rannveig på med ei samlingsbasert lektorutdanning og Leiv har full jobb i Hydro, der han har tilsyn på vasskraftanlegg.

Biletet av grønsaksåkeren heime på garden, sommaren 2020, året Rannveig flytta til Suldal. 

Korleis har tida på SJH påverka deg og arbeidet du gjer?
Leiv: Eg har blitt meir medviten på alle dei potensielle ressursane som garden vår faktisk har. I tillegg har me fått oss eit kjempenettverk med flinke folk som kan mykje, spreidd over heile landet. Eg har også fått bygd og sett opp mitt eige grindbygg, og har fokus på kompostering og jordliv. 

Med tanke på at me no har teke over garden heime, trur eg at åra i Aurland var ei veldig viktig førebuing til det. Me lyttar til dei gamle, men like viktig er det å prøve seg fram med nye ting. Det er ikkje noko problem å prøve og feile litt!


Rannveig: Ein direkte konsekvens er at eg enda opp her i Suldal, saman med Leiv. På SJH fekk eg prøvd ut veldig mange ulike ting, fann ut kva eg likte å jobbe med, og kva eg ikkje likte så godt å jobbe med. Eg har fått fleire nye interesser, og særleg har interessa for maten og råvarene blitt stor. Det kjekkaste eg veit er å lage god mat av eigenproduserte og sjølvhausta råvarer.


Kvifor er økologi viktig for dykk?
For oss handlar økologi om å utnytte dei ressursane som garden har, utan å gjere skade på dei livsviktige økosystema rundt oss. Garden vår har store område med utmarksbeite, men mindre dyrka mark og innmarksbeite. I tillegg til å utnytte beiteressursane best mogleg, er det difor viktig for oss å fokusere på å bygge opp jordlivet og produsere grovfôr av best mogleg kvalitet og dyrke ein del poteter og grønsaker der me kan. Den største utfordringa for oss akkurat no er at garden har lite inngjerda innmarksbeite tilgjengeleg. Det resulterer i at me må beite store delar av dyrka mark om våren og på hausten. Ein av planane framover er å rydde og gjerde inn delar av utmarksbeitet.

Leiv hesjar på garden til husdyrlærar Kristin Ryum i Flåm. Foto: Elin R. Grande

Kva er planane vidare?
No er me snart i mål med renovering av det gamle våningshuset på garden der vi på sikt skal bu.

Rannveig si interesse for grønsaksproduksjon veks for kvar sesong som går. Ho har ein draum å produsere litt grønsaker for sal, men som student på fulltid har ho førebels nok med å halde oss og kårfolket med grønsaker.

Me leikar litt med tanken på å bygge ei ny driftsbygning (kanskje eit stort grindbygg?). Me har veldig lyst til å ha litt fleire kyr, men førebels har me berre plass til dei to kvigene og dei kommande kalvane deira. Den eine kua heiter forresten Kristin, oppattkalla etter husdyrlæraren! Dersom ein av kalvane blir ein oksekalv, må vel den heite Even etter fjøsmeisteren på SJH.

Tekst: Frøya Torvik
Foto: Privat der ikkje anna står i bildetekst