ØKOVEKA AURLAND 2021 – På besøk hos Vestlandsbonden Gøril Tveiten Lie

Gøril Tveiten Lie fortel om livet på vestlandsgarden Lie i Aurland.

Garden Li ligg bratt til i ein fjellskråning i Aurland med vakkert utsyn mot Aurlandsfjorden. Her held geitebøndene Gøril og Einar til med dei tre gutane sine og svigerforeldre.

Køyreturen til Li er ikkje utan kjensle av litt frykt for å skli utfor den bratte vegen og eg gjer meg tankar om at her må det mykje pågangsmot og hardt arbeid for å tene til livets opphald.

Gøril tek varmt imot hos i grindverket og har satt nyplukka plommer og Cherry tomatar på langbordet. Omgjevnadene vitnar om at vi er i eit av dei vakraste og villaste naturområde som finns i Norge.

Gøril møtte Einar på Raulandsakademiet og sidan har dei vore eit par. Ho valte bondesonen og la fysioterapiutdanninga si på hylla og det har ho ikkje angra ein dag på. Ho hugsar godt forventningane ho hadde før ho kom til garden Lie for fyrste gong. Med lattar fortel ho at ho blei svært skuffa. Eit karrig landskap i ein bratt fjellskråning. Det var ikkje ein rikmannsgard ho kom til. Dei skulle bu med svigerforeldra og det var ikkje helt det ho hadde tenkt seg. To generasjonar bur i same hus og dei tek omsyn til kvarandre. Etter kvart har dei bygd på med kvart sitt husvære og ein regel er at me bankar på til kvarandre, seier Gøril. Ho rosar svigerforeldra som har vore til uvurderleg hjelp på garden. «Hadde me ikkje hatt dei, hadde me heller ikkje vore der me er i dag».  

Som geitebonde i et vanskeleg vestlandslandskap er det utfordringar, men samstundes vel ho å være optimistisk for framtida. Sjå moglegheiter og at utfordringar kan løysast. Ho fortel om drifta på garden, om investeringar i ny driftsbygning, om stølslivet i fjellheimen der ho og mannen Einar bur i lengre periodar for å yste mjølk. Dei enorme og frodige fjellområda der dyra får beite gir kjøt og mjølk av høg kvalitet. Kjekjøt er etterspurt og har vorte populært på menyen hos lokale reiselivsbedrifter.  

Og ikkje minst om drøymer for framtida som ho har byrja å realisere; bygge ysteri heime på garden og produsere sin eigen ost. Dei som har smakt Gøril sin blåmuggost seier den er heilt fantastisk og vi har å gle oss til!  Lokale produkt og kortreist med sal til hotell og forbrukarar i nærleiken er framtida, meiner Gøril.

Gøril og Einar held på tradisjonane samstundes set dei draumar ut i livet, dei er optimistiske vestlandsbønder som tek sjansen på å investere i framtida. Å produsere vår eigen mat med bruk av eigne ressursar er framtida.

Foto og tekst: Marianne Skudal