Ledige stillingar på Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sjå heile stillingsutlysinga her.

Frå 1. august 2021 har skulen ledige stillingar innan følgjande område:  
  
50% stilling som faglærar utmark og kulturlandskap Vg3, plante og husdyrproduksjon vg3, yrkesfagleg fordjuping vg2 med hovudvekt på snikkararbeid/byggteknikk og jordarbeid.

30% stilling som faglærar i gardsdrift Vg3, forvaltning og drift Vg2, med hovudvekt på rekneskap og landbruksøkonomi.

80% stilling som faglærar og fagleg ansvarleg i mjølkeforedling på Fagskulen med atterhald om at tilbodet vert sett i gang frå hausten 2021. 

Ansvars- og arbeidsområde 
Ansvar for undervisning for gjeldande fagområde
Aktiv deltaking i tverrfaglege team
Aktiv i utviklingsarbeid innan fagfeltet  
Krav til utdanning og praksis  
Relevant fagleg og pedagogisk utdanning  
Relevant arbeidserfaring innafor fagområdet  
Kunnskap og engasjement for økologisk landbruk 

Kvalifikasjonar

Personar med godkjent relevant utdanning innan dei ulike fagområda

Personlege eigenskapar

Interesse for unge menneske og deira faglege og personlege utvikling
Gode evner til å formidle kunnskap og organisere elevøvingar
Strukturert i planlegging, gjennomføring og refleksjon
God kommunikasjonsevne og sterk samarbeidsvilje 
Interesse for å dele kunnskap med kollegaer 
Utviklingsorientert innafor eige fagområde 

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande regulativ
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
6 månaders prøvetid

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jfr Opplæringslova §10-9.
Interesserte er velkomne til å ta kontakt med rektor Geir Kjetil Øvstetun tlf 90694334


Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.vlfk.no under Ledige stillingar.
Vitnemål, attestar og referansar skal leggast fram ved eventuelt intervju.
Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling

Kontaktinformasjon: Geir Kjetil Øvstetun, rektor, tlf. 90694334

Søknadsfrist: 14.mai 2021