Samiske mattradisjonar: Kaffeost og rognkaker

Kva får ein når Næringsdriftfaget sine to valfagliner, Garden som Ressurs og Foredling, får organisere ein heil båldag for vår eigen urbefolkning?

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Kring samane sin nasjonaldag den 6. februar vart fokuset i Næringsdrift i særleg grad retta mot samisk kultur og mattradisjon. I faget får elevane utvikle næringsaktivitetar baserte på natur- og kulturressursar, der berekraft og omsyn til natur, dyr og miljø utgjer den raude tråden. Slik får elevane utvikle ferdigheiter som veiledar og tilretteleggar. I lys av dette trekk faget liner frå historiske tradisjonar for naturhausting; for oss vart det naturleg å organisere ein dag for vår eigen nasjonale minoritet sine tradisjonar.

Her ser de lærar Janicke (t.v.) og tidlegare lærar Cecilie Bugge.

Historievinklinga desse dagane vart noko annleis enn ein kva som helst tradisjonell historietime. I klasserommet fekk me servert familiehistorier og utstilling med og av lærar Janicke, som fekk jubel frå klassen då ho kom inn i klasserommet med eiga samedrakt. Ein av elevane viste stolt fram si eiga, sjølvsydde kofte, som er samane si folkedrakt. Bilete kan du sjå i galleriet under. Desse inntrykka inviterte oss inn i ei nær og personleg undervisning.

Den største opplevinga vart likevel sjølve båldagen som me fekk planlegge, førebu og gjennomføre saman. Næringsdriftfaget sine to klassar vart delt i fire grupper, som kvar skulle planlegge, gjennomføre og presentere eit fullverdig måltid med ulik tillaging på forskjellige båltypar, med utgangspunkt i matrettar frå heile Sápmi. Under båldagen skulle me få servert matrettar frå Skoltesamane, Flyttsamane, Sjøsamane, Marksamane og Sørsamane. I førebuingsfasen leika me oss med val av bålplass og innslag av aktivitetar.

Den store båldagen havna på ein solmeldt onsdag, og GSR-elevane Anders og Hanne organiserte ei felles innføring i turleiingsaktuelt fagstoff om “sporlaus ferdsel” før dei leia klassen opp til Svoi over Turlid-fossen, der GSR-klassen hadde sett opp leirplass. Nokre av elevane hadde klatra seg opp tidlegare på dagen, og stod klare med improviserte trommer då Hanne og Anders kom med resten av klassen. Kring fellesbålet samla me oss over reinsdyr- og saueskinn, med chaga i koppen og forteljingen om “dyra som skremde jetten” i øyra.

Me tilbrakte dagen med mangfaldige smaksinntrykk kring fire båltypar og eit fellesbål. Tida som ikkje gjekk med til tillaging og presentasjon av mat vart brukt på lassokasting og “samesti”; vårt eige samiske rebusløp. Me samla oss kring fellesbålet og lytta til Hanne sitt innlegg om Altasaken og Victoria sin joik. Då sola forsvann bak fjella og det var tid for å pakke saman, sat eg der med ei kjensle av stoltheit; for minoritetskulturen vår, og for dagen me skapte saman.

Her ser de medelev Rebekka Solbakken. Den nydelege kofta har ho sydd sjølv saman med mor si! Skjerfet representerer sameflagget sine fargar: Raudt, blått, grønt og gult.

Ein smak på dagen

Kaffeost

Ingrediensar

5 l heilmjølk (gjerne rett frå kua)

1 ts osteløype

Litt salt

Framgangsmåte

Varm opp mjølka til ho er om lag 30-35 gradar. Tilset ei teskei osteløype og litt salt, og røyr godt. La stå ein halv time, utan røyring og ikkje på den varme plata. Etter 30 minutt tek du den faste massen opp. Røyr denne saman til ein ball, og del ballen i to (to ostar). Press ostane: Legg dei i reine, våte klutar. Klutane må vere våte; elles sit dei fast i osten når han tørkar. La stå i press i eit døgn, på ein stad det ikkje er minusgradar (Osten vert vassen om han frys). Ein kan bruke steinar eller noko anna tungt til pressing av ostane. Ostane tørkast nokre dagar etter dei er ferdig pressa (elles løysar han seg berre opp i kaffien). Tørkinga bør skje på ein kjølig stad, og osten må snuast ofte slik at han ikkje sit seg fast. Tørk på gassklut, tre eller liknande (ikkje plast). Dette gjev god haldbarheit.

Inspirasjonsbilete av ein god match: Ost i kaffekoppen (eller chagaen, om du vil) til den saftige smaken av torskerognkaker steikt på helle.

Sjå fleire oppskrifter frå boka Samiske mattradisjoner, av A. Kaspersen.

Galleri