Møt vår nye rektor!

Geir Kjetil Øvstetun er ein mann som me alle har møtt, men som få av oss kjenner. Han har vore rektor på Sogn Jord- og Hagebruksskule sidan august 2020. Me har sett oss ned med ein kopp kaffi og teke ein prat.

Tekst og foto: Katharina Leucht

Fortel litt om deg, kven er du og kor kjem du ifrå? Kva gjer du når du ikkje er rektor på SJH?

– Eg er fødd og oppvaksen på Årdal, ein fantastisk plass å vekse opp på 70- og 80-talet. Årdal var den plassen som hadde mest bypreg her omkring på den tida, med alt det innebar av musikk og kulturliv. Eg har alltid vore aktiv i idretten i Årdal, spesielt fotball, og har hatt styreverv der samanhengande dei siste tretti åra. På vidaregåande gjekk eg studiespesialiserande og jobba så eit par år i Årdal før eg reiste på det som heitte distriktshøgskule i Lillehammer, og sidan gjekk eg på Statens lærerhøgskole i handels- og kontorfag i Hønefoss.
Eg trur fleire kunne hatt godt av å jobbe nokon år før dei vel høgare utdanning, for å verte sikrare på kva dei vil gjere. Frå hausten 1989 har eg vore lærar på Årdal VGS, med unntak av eit friår på nittitalet for å studere historie i Oslo. No er eg rektor på Årdal VGS i tillegg til å vere rektor her på SJH.

Eg er gift med ho Merethe sidan i sommar, sjølv om me har vore saman i 30 år. Stedottera mi Monica bur i Oslo, kor ho driv med musikk. Eg har alltid sagt at livet er fattig utan musikk og høyrer sjølv mykje på rock, metal og blues, mest amerikansk. Til vanleg er eg veldig glad i å gå på konsertar og festivalar, det har eg sakna det siste året.

Fortel, korleis er det å vere rektor her på SJH? Kva er utfordrande, kva er givande?

– Det har vore ei kjekk utfordring frå starten av og eg blei godt tatt imot, det er jo viktig når ein er ny på ein plass. Det verkar som om det er eit godt miljø her! Folk her har driv og tar tak, det såg eg under oppryddinga av treverkstaden. Då blir det hyggelegare og ein betre stad å arbeide for alle.

Det har vore mykje som har skjedd på ein gong no i haust med overgangen til ny fylkeskommune, nytt skuleadministrativt system og fagfornying i alle VGS. I tillegg kjem utfordringane rundt korona. Heldigvis er det dyktige fagfolk på skulen som eg samarbeider med om drifta. Sidan det ikkje er alt eg har innblikk i er det viktig at eg lar dei andre vere gode på det dei er gode på, og at eg snakkar med dei og lyttar.
Eg har alltid synast det var gjevande å jobbe med menneske, og i Årdal er eg stadig vekk vikar, då får eg moglegheit til å møte elevane. Eg prøver å ta rundar rundt på garden for å møte elevane her, men det er alltid så mange møter dei dagane eg er her at det ikkje blir så mykje tid til det som eg kunne ønske.

Kjende du til SJH før du blei rektor?

– Ja. Eg har kjent fleire av dei som har vore rektor her før meg, og har òg vore her fleire gongar. I byrjinga kjende eg han berre som ein vanleg jordbruksskule, før rektor Olav Arnar leda han inn på økologi-sporet. Der har skulen no ei stor stemma nasjonalt, og det er noko som er viktig å ivareta.

Her må eg jo spørje: Kva er ditt forhold til økologi?

– Eg kan ærleg innrømme at eg har lite forhold til økologi frå før av, og til landbruk generelt, så eg lærar noko nytt kvar dag eg er her. Ein av dei første tinga eg fekk sjå var korleis fagfolk på kjøkenet her brukar råvarer frå garden. Å ete her i kantina på SJH er ei fantastisk oppleving kvar gong!

SJH er jo ikkje den einaste skulen du er rektor for. Kva er spesielt for SJH?

– Eg har spesielt lagt merke til to ting. For det første er elevane her eldre enn på andre VGS og det trur eg er positivt for miljøet. For det andre så er elevane her tydelege på at dei vil vere her, og at dei er her av ein grunn, fordi dei vil lære noko. Det er viktig, for uansett kva du driv på med her i livet må du ha ein indre driv – og det får ikkje du dersom du driv på med noko du ikkje likar. Tilbakemeldinga eg har fått frå kollegaer som har vore her med Ungt Entreprenørskap er at det er den mest fantastiske skulen med elevar som går på ein skule der dei har lyst til å gå, og som har mange idear og er kreative.

– Uansett kva du driv på med her i livet må du ha ein indre driv og det får ikkje du dersom du driv på med noko du ikkje likar.

Kan du fortelje litt om den nye strategiplanen som for tida vert utarbeida for SJH?

– Strategiplanen er ein plan for skulen dei neste fem åra, og i arbeidet har me gjennomført ein såkalla SWOT-analyse med dei tilsette. Det betyr at me har sett på skulen sine styrker og svakheiter internt, og på moglegheiter og truslar utanfrå. Det me har funne er mellom anna at skulen sine sterke sider er eit godt og spanande fagmiljø og engasjerte elevar og tilsette. Skulen har vore god på marknadsføring og på å vise fram kva me driv med, både i lokalaviser, på nettsidene og i sosiale medium. Svakheitene til skulen er knytt til økonomi og til maskiner og driftsbygningar som har bruk for fornying. Men i det ligg det også moglegheiter for å søke om midlar hjå andre instansar, for til dømes å gå over til el-traktor, installere solceller på alle tak og på anna vis ta i bruk ny teknologi. Andre moglegheiter me har identifisert er utviding av kursverksemda, samt oppstart av fagskule. Det vert allereie arbeidd på ein fagskulemodul i ysting, men målet er å ha ein fullverdig fagskuleutdanning som folk kan ta på deltid, til dømes når dei har tatt over ein gard, og at denne er samlings- og nettbasert.
Skulen har også moglegheiter gjennom Erasmus+, der me no skal vere med på eit toårig prosjekt rundt tema lokalt og økologisk entreprenørskap, med samarbeidspartnarar frå mellom anna Skottland og Island.

Dersom det no i framtida kjem fleire økologiske jordbruksskular i Noreg kan det vere både ei moglegheit og ein trussel for SJH. Det kan vere ei moglegheit for å selja kunnskap og for å få nye samarbeidspartnarar. Men stillinga til skulen kan også verte utfordra dersom det kjem fleire liknande skular, så her skal me vere offensive og førebudd. Ein ting eg kan seie etter 31 år i skuleverket er at verda forandrar seg, og ho forandrar seg stadig raskare.

– Ein ting eg kan seie etter 31 år i skuleverket er at verda forandrar seg, og ho forandrar seg stadig raskare.

Kva vil du gjerne utrette her på SJH?

– Mi oppgåve vert å arbeide vidare med strategiplanen til ut januar. Denne planen er på den eine sida berre eit stykkje papir, men på den andre sida er han eit blikk framover for skulen, ein måte for å stadfeste retninga. Det er òg noko me skal tenke på når fleire av dei tilsette snart går ut i pensjon; kva slags kompetanse me vil hente inn når me tilset nye lærarar. Ikkje berre med tanke på no, men også for framtida.

Utover våren skal me utvikle ein handlingsplan for korleis me skal omsetje teori til praksis. Handlingsplanen si omsetjing blir hovudoppgåve til den som blir rektor frå sommaren 2021. Kven det blir er opp til nokon andre å bestemme!

Det finst jo òg ei rekke med ting som kan bli betre her på skulen. Det er viktig at dei tilsette veit om kvarandre og kva den enkelte held på med, så  me kjem til å ha eit par rundar der me skal besøke kvarandre og vise fram kva me gjer. Eg har òg eit mål om at det fysiske arbeidsmiljøet skal vere betre når eg drar enn då eg kom, og me er for tida i gang med ein del oppussingsarbeid på skulen.

Eg håpar eg kan bidra med godt humør. Dersom ein rektor er på skulen for å skremme folk får han finne seg noko anna å gjere!

Eg meiner skulen kan få ei enda større nasjonal rolle innanfor økologisk landbruk!

Korleis ser du for deg framtida til SJH?

– Eg ser lyst på framtida til SJH! Skulen har interesserte elevar og det manglar ikkje på søkarar, det er eit godt teikn. Økologisk landbruk er eit felt som det kjem til å bli meir og meir fokus på framover, det er eg sikker på. Spørsmålet er kva for ei rolle skulen tar i den samanheng. Eg meiner skulen kan få ei enda større nasjonal rolle innanfor økologisk landbruk!