Landets første agroteknikarar i økologisk landbruk

GRATULERER til landets første agroteknikarar i økologisk landbruk! Denne gjengen har gjennomført eit fagskulestudium på deltid over to år ved Sogn Jord- og Hagebruksskule og Hvam vgs., og har skaffa seg mykje kunnskap innan driftsleiing og økonomi, økologisk jord- og plantekultur og økologisk husdyrhald. I siste del av studiet har dei skrive hovudprosjekt om sentrale og relevante problemstillingar innan økologisk landbruk – innan tema jord, kompost, andelslandbruk, grovfôropptak hos mjølkeku og alternativ bruk av driftsbygningar i landbruket. Vårt håp er at kunnskapen deira kjem til god nytte for utviklinga av økologisk landbruk i Norge. Lykke til – vi gler oss til å følgje med!