Kompostkurs på SJH

Som del 2 av eit gardsskala komposteringskurs, arrangert av Voss Kommune, inviterte SJH deltakarar til Aurland for å lære og erfare dette i praksis måndag 27. mai.

Tekst og foto: Irene Jondal Ekren

Lektor Nathaniel Platt Mead var kursleiar. Nat har jobba på SJH i mange år. Han brenn for kompost, og har brei kompetanse og stort engasjement. På skulen er kompost ein viktig del av kretslaupet, og det er både småskala kompostering (bingar og i haug) og storskala (gardsnivå) kompostering. Ferdig kompost vert primært brukt til gjødsel og jordforbetring, jordblandingar i gartneri og noko går med til å bryggje kompostte.

Kursdeltakarane møtte opp med godt humør trass gråvær og litt regn, og dagen starta med ei kompostrelatert omvising på skulen. Vi fekk sjå skulen sin biodo og lære litt om korleis denne fungerer, og gjekk så vidare til kompostbingene knytt til matavfall frå skulekjøkkenet og internatets elevkjøkken. Her finst det tre kammer på ulikt stadie i kompostprosessen, og vi snakka om byggemateriale, luftinntak og ingrediensar. Neste punkt på lista var gjødselskjellaren (blautgjødsel behandla med Terra Biosa©-ferment for å styre mikrobielle prosessar i gunstig retning) og deponi for organisk avfall frå fjøs og gartneri. Så gjekk turen til kompostplassen skulen forvaltar. Her såg vi først på mottaksområdet, og fekk høyre om korleis dei ulike materiala vert behandla. Vi såg på kvist, hageavfall, halm og talle. Ein sekk med nyklipt plengras vart teken imot av kursleiar Nat med stor entusiasme. Dette er supert for å få gang i komposten, og det er viktig at materialet er innblanda så ferskt som mogleg.

På kompostplassen fekk vi ei lita innføring i teori etterfulgt av demonstrasjon. SJH driv primært med metodane CMC (kontrollert mikrobiell kompostering) og MC (mikrobiell karbonisering). Med CMC er det aerobe prosessar som styrer, og komposten er avhengig av hyppig vending. MC er noko skulen har starta med i nyare tid, og er basert på prinsipp om at komposten skal forstyrrast minst mogleg. MC-kompost er kjenneteikna av karbonbinding, soppdominans, fukt og anaerobe prosessar styrt med fermenteringskultur Terra Biosa© eller tilsvarande. Vi fekk lukte og ta i kompost av ulik alder og samansetnad. Så fekk vi demonstrert opplegging av ny kompostranke (CMC), blanding av kompost og vending av eksisterande ranke. Skulen har ein vendemaskin som vert brukt til sistnemnte prosess.

På slutten av kurset fekk vi ei innføring i bryggjing av kompostte. Dette bryggjet er ikkje te til oss menneske, men eit middel som vert nytta til vitalisering av jorda. Hovudingrediensar inkluderer kompost av høg kvalitet/meitemarkkompost/moden trehaldig kompost (bakterie-, sopp- og huminstoffkjelde), sukkermelasse (energikjelde), maltkimgjødsel (energi- og mykorrhizakjelde), bittersalt og steinmjøl. Ein kan også tilsetje god sopphaldig skogsjord, ferment, huminsyre og mineralske komponentar. Teen vert bryggja i ein blandar/maskin med stort nok volum, sirkulasjon/luft og rett temperatur (til dømes 25 gradar i 24 timar). Gode teikn er mykje skum og god lukt.

Takk for ein kjekk og lærerik dag!