Klima- og miljødag på SJH

Kvifor bruke så mange penger på forsvar, og ikkje på klimaløysingar, spurte krig og klima-gruppa.

Sjølv om me på SJH heile tida arbeider for å finne dei beste løysingane som gagnar både kloden, kålen og kua, har me nytte av å rette fokus utover og sjå det store biletet. Førre veke blei det derfor arrangert klima- og miljødag for elevar og tilsette. Dagen gav ei anledning til å tenke globalt og sjå samanhengane mellom det me driv med her på skulen, i daglegliva våre elles og dei store utfordringane heile verda står ovanfor.

Innleiingsvis fekk både vi frå SJH og 10. klasse frå Aurland barne- og ungdomsskule innblikk i noko av det klimaforskarane driv med. Karen Richardsen Moberg frå Vestlandsforsking i Sogndal heldt sitt foredrag “Vilje til forbruksendring“. Ho og kollegaene har forska på kor villige folk eigentleg er til å endre forbruksvanane sine. Her var det nok fleire i salen som tenkte eitt og anna om sine eigne (eller kanskje foreldra sine …) ferieturar og handlevanar. Heldigvis er det mykje ein kan gjere åleine for å minske sitt fotavtrykk, og me satt igjen med ein tanke om at kvart individ kan vere med å gjere ein skilnad. Eit godt tips er til dømes å starte på SJH for å lære meir om korleis ein kan drive gard for framtida!

Seinare på dagen gjekk me gruppevis i djupna på ulike tema relatert til klima og FNs berekraftsmål. Det blei funne fram fakta, diskutert ulike problem og forslag til løysingar på eit lokalt, nasjonalt og globalt plan. Gruppene fekk i oppgåve å legge fram resultata sine for resten av skulen. Her blei det retta mange peikefingrar, men tent endå fleire håp i det me snakka om reiser, vegetar vs. kjøt, klede og mote, og samanhengen mellom klima og krig. Sjølv om me snakka om matval og kva som er berekraftig å putte i seg, så kan me vere heilt sikre på at lunsjen denne dagen hadde eit minimalt klimaavtrykk: Grønsaker og kjøt frå eigen, økologisk produksjon i ei nydeleg suppe, der me sjølv har vore med på å hauste grønsakene.