Byguten som vart gardsdreng – og meir til

Sigurd Vassenden har utretta mykje på dei knappe to åra som har gått sidan skoleslutt. Han jobbar på det prisvinnande Grindal ysteri og som avløysar på fleire gardar, produserer eigen honning og har slått seg opp som bygdemusikar. Frå våren av vert det attpåtil marknadshage med økogrønsaker, takka vere eit solid tilsegn frå Innovasjon Noreg. Vi har teke ein prat med den tidlegare byguten.

 

Kvifor byrja du på SJH?

Etter eg var ferdig med vidaregåande i Trondheim byrja eg å jobbe på gard. Først som seterdreng, og så som lausarbeidar på forskjellige gardar i Noreg. Etter ei stund kjente eg at eg hadde lyst på ei meir fagleg tilnærming til jordbruket. Eg vurderte fleire landbruksskuler, men vart særskilt anbefalt SJH på grunn av det gode og relativt vaksne skulemiljøet, den økologiske innfallsvinkelen og den idylliske plasseringa inst i Sognefjorden.

 

Kva arbeider du med no?

No jobbar eg på Grindal Ysteri i Rennebu i Trøndelag. Det er eit lite handverksysteri som drivast av søstrene Turid og Ragnhild Nordbø og familien deira. Der ystar vi ost av rå mjølk frå omtrent 16 kyr og 24 geiter, mellom anna blåmuggosten Råblå, som fekk gullmedalje under Oste-VM sist haust. Det er ein heilt fantastisk plass å arbeide – eg får masse ansvar og får vere med å utvikle drifta vidare. Eg er blitt tatt imot som eit nytt familiemedlem i Grindalsklanen og har funne meg godt til rette. I tillegg er eg avløysar på fire gardar i bygda.

Da eg kom til Grindal frå Aurland starta eg med birøkt og fekk meg seks kubar. I år har eg auka til sju, men trur ikkje eg kjem til å auke meir – det er ganske marginalt for honningbier her oppe i dalen. Men eg fekk ein god slump honning i 2018 som eg sel som ”Honning frå Grindal”, mellom anna saman med osten på Bondens Marknad.

I tillegg driv eg ganske aktivt som musikar. Eg har blitt skikkeleg bygdemusikar i Rennebu og speler piano med tre kor, er songar ved ulike tilstellingar og korsongar i eit ungdomskor. Musikken har vore ein ekspressbillett inn i lokalsamfunnet og har gjort at eg har blitt kjend med masse folk i heile bygda. Og det blir satt stor pris på at ein bygut flyttar til bygda og ynskjer å bidra i kulturlivet.

Oppslag i lokalavisa Opdalingen.

 

Korleis har tida på skulen påverka deg og det du driv med i dag?

Først og fremst er jobben på Grindal Ysteri ein direkte følgje av at eg gjekk på SJH – det var der eg vart kjend med Ragnhild Nordbø, som held kurs i ysting på skulen støtt og stadig, og det var der eg fekk god kunnskap om ysting og gardsdrift som gjorde meg skikka til jobben.

Skulen har gitt meg solid og brei kunnskap om jordbruk og ein fagleig tryggleik i møte med nye situasjonar. I det siste har eg til dømes skreve forretningsplan og økonomisk plan i høve ein søknad til Innovasjon Noreg, og eg har prisa meg lykkeleg for at eg har vore gjennom faga ”Plan og produksjon” og ”Næringsdrift” på SJH og gjort det meste ein gang tidlegare. Sjølv om eg ikkje alltid var like jublande da eg satt oppe seine kveldar på SJH med omfattande Excel-ark og lange Word-dokument.

Gode resultat med grønsaksdyrking i Aurland lovar godt for den kommande marknadshagen.

I tillegg har eg møtt så mange fine menneske på SJH, og eg har med meg fleire gode venskap vidare. Eg har òg møtt mange folk og meiningar som har utfordra meg og gjort at eg er ein meir open person no enn før eg starta. Du kan seie at opphaldet på SJH gjorde at eg har opna opp ein knapp i skjorta og vart meir avslappa og tryggare på meg sjølv.

Eg sitt òg att med eit fagleg nettverk etter tida på SJH, særleg har det vore tydeleg i høve etablering av marknadshagen min på Grindal. Seinast i sumar var eg og fem andre frå SJH på eit kurs i intensiv marknadshage i Sverige. Særleg er tidlegare elev Sofia Elm med Avdem Gardsgrønt ein viktig støttespelar og inspirator for meg.

Venskapet med Sofia starta i Aurland gjennom felles interesse for musikk.

 

Kva er dei beste minna frå SJH?

Eg hugsar godt kor artig det var å bygge grindbygg i Vg2, der vi fekk vere med på heile prosessen frå tømmerhogst til ferdig bygg. Det var ei ny oppleving for meg og det var utruleg fint å arbeide hardt fysisk i skuletida for så å sjå resultatet på slutten av skuleåret: eit ferdig hus.

Under arbeid med grindbygg.

Og så hugsar eg at eg ofte gjekk i skuledrivhuset på ettermiddagstid for å sjå til småplantene mine. Eg kunne vere der i timevis, berre for å sjå og lukte på dei tusenvis av plantane som var der. Og for å slå av ein prat med lærar Monica og dei andre blomedamene så klart.

Eg og ein gjeng elevar etablerte Aurland Kammerkor da eg gjekk der. Vi arrangerte konsert i Aurlandskyrkja og fylte ho nesten opp òg. Og så må eg nemne seine kveldar rundt bålet ein eller anna plass i dalen med berre gode menneske og fine samtaler. Det var to heilt fantastiske år!

Sigurd med gitaren til glede for medelevane.

 

Kvifor er økologi viktig for deg?

For meg handlar økologi om å sjå samspelet mellom menneske, dyr, planter og jord og å gjere det som er best for heilskapen. Eg meiner den moderne bonden har fjerna seg for mykje frå ressursgrunnlaget på garden og basert seg for mykje på innkjøpt fôrvare og andre innsatsmidlar. For at norsk landbruk skal kunne stå med rak rygg i framtida meiner eg at vi må basere oss meir på lokale ressursar og prøve å lukke næringskrinslaupet på garden og i storsamfunnet. Meir målretta beiting, karbonbinding, gjenvinning av næringsstoff frå byane, auka produksjon (og konsum) av norske grønsaker, mindre kjøtforbruk og betre dyrevelferd – det er økologi for meg.

 

 

Kva er planane vidare?

Eg er i full gang med å starte ein marknadshage her på Grindal. Eg skal dyrke omtrent 2 daa med eit stort utval grønsaker som eg vil selje under merkevara ”Grønt frå Grindal”. Eg fekk 215.000 kr frå Innovasjon Noreg til etablering av drifta og kjem skikkeleg i gang frå start. Eg tenkjer å selje grønsakene gjennom REKO-ringen i Trondheim, Bondens Marknad og til restaurantar. Eg har allereie leveringsavtaler med to restaurantar på Grindal og i Trondheim. Når sesongen kjem i gang kjem Gaute Terjesson og Elisabeth Fagerland, som begge er tidlegare elevar ved SJH, for å arbeide med meg i hagen og på ysteriet. Det gleder eg meg skikkeleg til!

I tillegg driv eg og etablerar meg som soloartist. Eg og to kompisar hadde studiosession i stua mi no i januar. Vi skal gi ut tre singlar i løpet av våren, og så skal eg spele konsert på Samfundet i Trondheim 8. mars.

2019 blir nok eit spennande og hektisk år!

Konsert på Antikvariatet i Trondheim.