Reinshjarte, rakfisk, dampepølser og bærdessert

Velkomstdrinken med raudbetepynt var laga av plomme og tindved.

Endeleg kom den. Kvelden me har venta på, og førebudd oss til, i eit halvt år!

Det starta tidleg i haust med reinsjakt på fjellet, potetopptaking på skulen, og epleinnhausting ved fjorden. På seinhausten og i vinter har me vore timevis i skulen sitt foredlingslokale kor me har lært mellom anna nedskjering av kjøt, legging av rakfisk, speking av reinshjarte og pølselaging.

Den siste veka har me sett saman ein tre-rettars meny med råvarer me sjølv har hausta og foredla. Me har planlagt underhaldning, og tenkt på kva som er viktig for å vera ein god vert.

Og så kom den då, dagen for det tradisjonelle gjestebodet! Dette arrangerer Vg3-klassen kvart år, og er meint som ein hyggeleg kveld for heile klassen, med lærarar, tilsette og kårfolk som gjester. Temaet for kvelden var mat og kultur, med eit ekstra fokus på norske matvarer og tradisjonell foredling av desse, og den viktige vertskapsrolla.

I år vart gjestebodet arrangert på Bell, ein liten gard under den Aurlandskjende fjelltoppen Prest. Her har Milly Loftesnes og Terje Tokvam gjort den gamle sauefjøsen om til selskapslokale, og innreia låven med ei imponerande samling gamle skattar av alle slag. Her har dei funne plass til mellom anna gamalt ysteutstyr, kaffikjelar, møblar, tobakksesker, og mykje, mykje anna. Ein flott og annleis stad å vere!

I tillegg til eit fantastisk måltid så fekk me oppleve flott hardingfelespel av Håvard, quiz med kreativ vri arrangert av Iréne og Emilie, og framføring av lokale soger ved Torgeir, alle saman Vg3-elevar.

Heile gjestebodprosjektet går inn under faget Næringsdrift, og er eit samarbeid mellom valfag Foredling og valfag Garden som ressurs. Det har som mål å vise eit eksempel på korleis ein kan presentere eit lokalt produsert og foredla produkt, og at me i hyggeleg lag får smake på det me har skapa i løpet av året.

Takk for laget!