På tomannshand med Årets unge bonde

Olav Høyheim Einan vann Årets unge bonde 2018. “Han driv allsidig og meistrar alt frå dyrehald og beitedrift til mekanikk, tømmerhogst, snikkarverksemd og kontorarbeid. Ein svært god representant for norsk landbruk som syner kor viktig og meiningsfylt bondeyrket er,” sa landbruks- og matminister Bård Hoksrud i samband med prisutdelinga. No er det største oppstyret over, og Olav tok seg tid til ein prat.

Kvifor byrja du på SJH?

Eg gjekk tre år på vidaregåande i Sogndal, og fekk studiekompetanse der. Etterpå jobba eg eit år som avløysar, og fann ut at eg ville ta jordbruksutdanning. Eg visste at det i Aurland var eit meir “modent” miljø, og som 19-åring valde eg då å byrje på SJH. Eg kjende i tillegg nokre som hadde gått der og som hadde mykje godt å seie om skulen og staden. Det at det var økologisk, og kva det innebar meir enn sprøytefritt, visste eg ikkje så mykje om på det tidspunktet.

Ein av SJH-åkrane etter at Olav og medelevane hadde øvd seg.

Når var du elev ved SJH, og kva er dei beste minna frå den tida?

2008-2010. Oi, her må eg tenkje litt. Reinsjakt i Vg3 med læraren Thorvald står igjen som eit av dei beste minna! Her fór me ut – eg, Thorvald og medelev Alinta grytidleg om morgonen, og gjekk innover. I grålysinga såg me plutseleg ein heil reinsflokk som kom innover i dalbotnen under oss. Resultatet vart fire rein, kalde fingrar under slaktinga og tunge sekker å bera heim.

Elles tykte eg ulike gardsbesøk i fordjupingsfaget husdyr med lærar Even og sank av dyr i fjellet var flotte opplevingar.

Even og Olav sankar sau hausten 2014, då Olav hadde begynt å jobbe som SJH-lærar.

Kva arbeider du med no?

Eg er bonde med 170 vinterfôra sau i Luster, men driv med tømmerhogst og no også jordbær i tillegg. Og, av og til når pedagogisk leiar Kristin ringer, er eg inn att ein tur i Aurland som lærar.

Olav med sauene heime på garden.

Korleis har tida på skulen påverka deg, og eventuelt arbeidet ditt?

Det er jo ein fagleg ballast. Og så fekk eg mange kontaktar. Etter SJH, gjekk eg vidare og studerte landbruksteknikk på Blæstad i Hedmark – det var Kari Bysveen (tidlegare lærar) som sette meg på den tanken. Elles så fekk eg mykje lærdom om sauedrift frå Even og Thorvald, og ny kunnskap om jordliv og jordpakking frå hagebrukslærar Nat som eg prøver å nytte i drifta mi i dag.

Og så har jo SJH vore ein arbeidsplass. Eg byrja å arbeide på skulen då eg var ferdig med årsstudiet på Blæstad, og hadde fast stilling til sommaren 2016. Det har betydd mykje.

Olav evaluerer Vg3-elevane sin pløying av eit tidlegare grønsaksfelt.

Du vann Årets unge bonde 2018; korleis påverkar det deg?

Nei, det var jo uventa. Då eg fekk telefon om at eg hadde blitt nominert så kjendest det heilt fjernt. Med det gjorde at eg vart kjend med mange kjekke folk, både noverande og tidlegare nominerte. Og så er det jo motiverande, og gir ei drift i kvardagen. Det er kjekt at det ein driv med vert lagt merke til og sett pris på.

Oppslag frå NRK.

Har du elles planer for vidare utvikling av garden?

Sesongen 2019 blir jo veldig spanande, då det blir fyrste bereår på jordbærfeltet eg planta i år. Her skal eg leige inn arbeidarar, så det å administrere fleire enn meg sjølv blir spanande, samt at produksjonen og alt som følgjer med den er nytt for oss på garden.

Men går sesongen bra, vil eg nok sjå på moglegheita for å utvide feltet jamt framover for å sikre at eg alltid har felt med god produksjon.

Korleis er økologi viktig for deg?

Alt heng saman, og ein skal ikkje forbruka meir enn ein tilfører. For min del er det å ikkje utarme jorda eg steller og halde ho i hevd for neste generasjon. Derfor prøver eg å køyre når forholda er lagelege, ikkje “tomkøyre” ute på markene og ha fokus på jordpakking. Her som me bur er utmarka ein viktig del av drifta vår, og å produsere topp kvalitetsmat til menneske på ressursar som ikkje me kan nytte oss av i første ledd er berekraftig og viktig for å ta vare på mangfoldet og ressursane i fjellet.

Neste generasjon er allereie under opplæring!