Ein kikk innom grønsakene

Trudde du det var stilt i grønsaksverda etter at innhaustinga er ferdig? Nei, i ein levande produksjon er det stadig nye ting som skjer, og sjølv om grønsakene ligg i ro på lager, er det framleis mykje som rører seg i dei store lagringskassane.

I førre veke skulle me i Vg2 sjå nærmare på avlinga me hausta inn tidlegare i semesteret. Korleis har grønsakene heldt seg på lager? Er kvaliteten like god som tidlegare i haust? Har laukgråskimmelen teke over heile laukavlinga, eller klarar me stogge eit utbrot fusariumråte hjå gulrota?

Spente elevar og ein minst like spent lærar vart glade då det viste seg at gulrota hadde helde seg utruleg godt på lager. Det var berre nokre få som var øydelagde av råte, og kvaliteten var tipp topp. I tillegg til å sjå på lagersjukdommar la me gulrota over i nye kassar, nokre fylte med sand, og andre med sagflis. Dette er eit av tiltaka våre i kampen mot mindre plast, som er det som vert nytta til kassefôring hjå dei fleste grønsaker. Å lagre grønsakene i lett fukta sand er noko ein gjorde mykje av før i tida, så det blir spennande om det er ein måte ein kan gjere det på i eit moderne klimastyrt lager. Sagflis er òg noko ein nyttar, gjerne i småskala produksjon. Det er interessant å sjå om det er overførbart til ein litt større produksjon som me har her på skulen. Desse lagringsmetodane er miljøvenlege men arbeidskrevjande, og vil kvaliteten helde seg like godt? Det får me vite til våren. Uansett eit spennande forsøk både for lærar og elevar!

Hjå lauken var det litt meir sjukdom, laukgråskimmelen hadde smitta fleire laukar. Dei ser ganske vanlege ut heilt til me kjenner på dei, og det viser seg at dei er heilt mjuke. Opnar me lauken kjem ei ekkel lukt, og det viser kor viktig det er med god sortering før sal. Men kvifor var det såpass mykje sjukdom når det hadde vore eit godt lauk-år? Kan det vere tørkinga som hadde slege feil? Eller var det smitte frå setjelauken? Spennande diskusjonar rundt bordet. Me planla kva me skulle gjere annleis til våren og neste haust. Mange av oss vil vere med på innhaustinga neste år, så kanskje greier me å gjere det betre enn i år.

Lagringssjukdomar kan vere vakre, men farlege. Dei er ein del av livet til grønsaksbonden, men dei kan heldast i sjakk. Og økoagronomar tek ingen snarvegar i jakta på gode avlingar!