Kurs i biokol 11. juni

Kurset er i regi av God Jord og er mynta på alle som arbeider med jord, både som privat hageeigar og som profesjonell aktør innan jordbruket.

Hva er biokull? Biokull er en glemt teknologi fra Amasonas, som ble gjenoppdaget
først på 1990-tallet. Teknikken gir en eksponensiell økning i bioaktiviteten i jorda, forbedret jordstruktur og sunnere plantevekst. Den kan sammenliknes med et korallrev, som utgjør en betydelig kilde til
bioproduksjon i havet. Sist, men ikke minst, bruk av biokull kan bli en av de største kildene til karbonlagring.” – God Jord

Nokre opplysningar om kva kurset består av, og kva som inngår i kurset:
Vi brenner ein omgang med biokol etter ein metode som vi har funne formålstenleg. Denne brenninga tek frå 1 ½ til 2 ½ timar og gjev 70-90 liter kol som blir fordelt på deltakarane.
Medan kolet blir til, nyttar vi tida til fordjuping:
Verknaden av biokol i jorda – korleis biokol endrar jordstrukturen.
Biokol, kompost og interaksjon mellom biokol og mikroorganismar.
Vi presenterer 3-4 andre teknikkar for å lage biokol.
Vi skal også syne fram ein annan type pyrolyseomnar for å gje innsyn i korleis denne verkar.
Termiske og tekniske konsekvensar av ulike pyrolyseteknikkar.
Kvalitet på biokol utifrå ulike råstoff og pyrolysemåtar.
Inokulering av biokol – lading av biokol med næringsstoff.
Innføring i mykorrhiza – røtene sine røter – og næringsutveksling.
Karbonfangst: kor stor er effekten av biokol?

Brenninga av kolet må gjerast utandørs. Vi har laga ein «flippover» til utandørs bruk med desse tema, slik at presentasjonen kan gå føre seg nær brenninga. Ved dårleg ver må ein ha gode klede.

Kurset er 11. juni 2018 frå kl. 14 til 17 på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Pris: 600 kr (SJH-elevar får 50 % rabatt)

Meld deg på her