Sommarkurs del 1: inspirasjonstur

Kvart år, medan dei fleste studentar jublar over skulefri, held SJH eit populært tre-fire vekers sommarkurs som snikstart på Vg3. For sommaren er den spennande tida for jordbrukselevane! Det er tid for støl, fôrberging, grønsaker og lauving. For observasjon, refleksjon og beinhard jobbing.

Sommarkurset 2017 starta med ein inspirasjonstur for å sjå noko av det som røyrer seg i norsk landbruk. Nokre gardar er faste kvart år, men ofte har elevane ynskjer som formar ruta. Kort samanfatta dreia besøka seg rundt kretsløp, garden som sosial arena, redusert jordarbeid og karbonfangst.

    

Første stopp var hos Anders Nordrum, gartnar og pedagog i Vestoppland fengsel avdeling Slidreøya. Han fortalte korleis arbeidet på garden gav dei innsette ei kjensle av kvardag med fast oppmøte, meistring og meining. Det er viktig for ein mjuk overgang til verda utanfor, der mange elles endar opp som arbeidsuføre. Frå midten av august sel nokre av dei innsetje grønsaker på marknad. Da hender det at kundane spør tilsette korleis det er å sone – og omvendt. Det er eit høgdepunkt for alle dei involverte!

Anders Nordrum i eiga kjøkkenhage.

Når Anders ikkje jobbar i fengselet driv han på med eit anna spennande prosjekt – Datsja, ein frøpakke og læringskanal om kjøkkenhagar. Omgrepet er henta frå Russland, der ein datsja var ein slags kolonihage folk fekk tilgang til under Sovjettida. Det blei eit viktig spiskammer for familiar i matknappe tider og gav kunnskap om korleis ein fekk mykje mat frå lite areal og korleis ein kunne lagre, førebu og konservere markens grøde.

Tom Boersma frå Solhatt fortel om frødyrking under norske forhold.

Vidare tok me turen til Solhatt økologisk hagebruk som sel og dyrkar frø til både hobbygartnarar og produsentar. Solhatt er ein av få som driv med frøproduksjon i Noreg og den einaste heiløkologiske. Det er ikkje lenge sida Tom Boersma (tidlegare SJH-tilsett) og Jasper Kroon starta opp drifta, men dei har møtt ein enormt positiv respons og etterspurnad. Målet er å auke kunnskapen rundt frødyrking i Noreg, eit land som elles mest kjøper inn frø frå utlandet.

Reinhart Gatzsche i eitt av Alm Østre sine veksthus.

Solhatt held hovudsakeleg til hjå Alm Østre. Det er ein biodynamisk gard kor kretsløpstankegangen står i fokus. Bortsett frå diesel og noko såfrø er garden eit lukka system kor alt av dyrefôr og gjødsel produserast der. Kyrne et 10% kraftfôr og mjølkar om lag 5000-6000 liter/år/ku. Det er ein levande gard med fleire bønder, praktikantar og WWOFare – rundt 20 medrekna borna. Grønsakene frå garden sel dei til Oslo Kooperativ og om lag 150 abonnementskundar. Det gir auka sikkerheit for bonden, lokal og sesongbasert mat til forbrukarane og ein tettare kontakt mellom dei to.

Elevane gjekk rundt og beundra den svarte, flotte jorda på garden. Alm Østre ligg nemleg langs med Mjøsa som saman med Jæren og Trondheimsfjorden har den absolutt beste matjorda i Noreg. Den må me ta vare på!

På Horgen Gård har dei valt den nøysame rasen aberdeen angus.

Horgen Gård møtte vi Gudbrand og Trond Ivar Qvale. Dei er pionerar i Noreg når det gjeld Holistic Management, eller målretta beitebruk på godt norsk. Deira kjøttfe har ikkje ete eit gram kraftfôr gjennom heile livet. I tillegg går dyra ute heile året og kalvane kan amme så lenge mora orkar. Det tar litt lengre tid, men gir til gjengjeld eit kjøtt med sunnare omega 3/6-forhold, god fettmarmorering (smak) og auka dyrevelferd. For at dyra skal få i seg nok protein lyt dei produsere mykje gras av god kvalitet – det er her beitebruken kjem inn i bilete. Dyra flyttast ofte, et, drit, tråkkar ned gras til mikrolivet og skal på den måten stimulere til god vekst. Ein klimaeffekt er auka fangst av karbon i jorda, heilt gratis.

    

Etter kvart kom me oss til Solborg Camphill i Jevnaker utanfor Oslo. Det er eit leve- og arbeidsfellesskap både for menneske med psykisk utviklingshemming og medarbeidarane. Garden blir drive av ein tidlegare SJH-elev og er ein viktig ressurs for dyrkinga av eigen mat, men òg sosialterapeutisk.

Solborg tilbyr ein alternativ livsform kor arbeid og pengar ikkje er direkte knytt opp mot kvarandre. Den enkelte får pengar etter behov og ikkje etter arbeidsinnsats. Likevel slit dei med at folk arbeidar for mykje, heller enn for lite. Hus, forsikring, mat og andre nødvendige utgifter dekkes uansett om ein forvaltar eigne «lommepengar» dårleg. Det gir ein økonomisk tryggleik i kvardagen.

Jimena i veksthuset hjå Solborg Camphill.

  

Vi møtte Guren Efferus, mannen bak Efferus veksthus, til eit kurs kring skogshagar og særleg om soppens rolle i det heile. Ein skogshage kan vere sjølvoppretthaldande ved at ein nyttar nitrogenfikserande vekstar og fleirårige planter med røter som kan nytte næring frå djupare jordlag. Jorddekke stimulerer mikrolivet som fangar karbon og byggjer humus. Vel utvalde plantar tiltrekk seg rovdyr og rovinsekt som spis skadedyr og skadeinsekt.

Potensialet er enormt! Skogshagar kan vere ein effektiv, robust og klimasmart matprodusent. I dag nyttast dei likevel oftast i sjølvbergingsamanheng. Innhaustingsrytmar og -mengde passar ikkje for sal til matgrossistar.

Guren Efferus fortel om jorddekke med sopp.

Holt Gård ble vi møtt av Roar Lefsaker og Rakel Skjerve. Rakel er nokon dei fleste veit om på SJH – vi kjenner ho som grunnleggjaren av Rakelhagen utanfor gardsbutikken. Dei to møttest på skulen og driv no ein mangfaldig gardsdrift saman. Dei driv med andelslandbruk, inn på tunet, open dag med kafé kvar søndag, dei mjølker og foredlar noko av mjølka sjølv. I gjennom åra har dei gitt fleire titusentalls barn verdifulle opplevingar med dyr, natur og matproduksjon!

Prat om andelslandbruk i Holt Gård sin nydelege kafè.

 

Det aller siste besøket var hjå Økologisk Spesialkorn som dyrkar og sel opphavlege kornsortar som spelt, emmer, enkorn, svedjerug og landsortar av hvete. Anders Næss viste oss rundt i mølleanlegget og ut på eigen åker. Der prata vi om korleis ein kan dyrke korn samtidig som ein byggjer humus. Korndyrking er intensivt, jorda vendes ofte og ho krev mykje næring ein ofte hentar utanfrå. Anders er med i jordkarbon-prosjektet med Norsk Landbruksrådgiving Østafjells som leitar etter gode løysningar for eit meir klimavennleg landbruk.

Ein rundtur i Økologisk Spesialkorn si mølle.

 

Etter fire dagar og ni besøk køyrde vi heim med masse ny kunnskap og inspirasjon i bagasjen. Det er heilt utruleg korleis bønder kan balansere filosofi, teori og praksis på sånn ein beundringsverdig måte. Saman skal me gjere landbruket betre: meir berekraftig for bonden, dyra og miljøet. Takk for turen!