Demonstrasjonshagen

Ringblomst i Rakelhagen

I området ved veksthuset finn ein demonstrasjonshagen og eit uteklasserom i Grindbygget.

Delt i 5-6 felt blir hagen drive som eit småskala, økologisk hageprosjekt der elevar får velja et dyrkingsfelt. Elevane planlegg, bestiller frø, dyrkar fram småplanter og steller hagen gjennom ein vekstsesong. Ved at SJH har sommarkurs for elevane blir hagen stelt gjennom sommaren.

I felta kan du finne grønsakshage, urtehage, permakulturhage, blomar og staudar frå gamle dagar, vekstar frå fjerne verdsdeler og vanlege landbruksvekstar. Her kan elevane utvikla ferdigheiter i bruk av handreiskap og småskala hagearbeid, som eit supplement til den ordinære hagebruksundervisinga.

Hagen innbyr folk til å vandre og nyte eit mangfald av vekstar til pryd og nytte.