Husdyrhald

Garden har mjølkegeiter, sauer (NKS), mjølkekyr og ungdyr (mest NRF og nokre vestlandsk fjordfe). Kalvinga føregår om hausten, og kalven får gå med mor si i 3–4 dagar som eit minimum. Mjølkekyrne og geitene held til i fjøset som vart bygd i 2000. Dei har tilgang til luftegardar i vintersesongen. Frå seinsommaren får kyrne fjellferie eit par månader. Geitene vert mjølka på tre stølar (les meir under stølsdrift) før dei får haustferie i utmarka. Sauene har sin eigen uisolerte fjøs med uteområde. Dei er på fjellbeite frå juni til september. Elevane har ein del av praksisen sin i fjøsa. Dei tek del i fjøsstell morgon og kveld, og i helgane.

Skulen har to hestar på utegang som nyttast i undervising om gardsdrift med hest. Elevane kan etter avtale ri eller køyre hestane på fritida. Skulen har òg ti bikubar. Biene gjer ein viktig jobb med pollinering under blomstringa. Elevane får ei generell teoretisk innføring i bihald, og noko praksis. Den populære honningen vert servert i matsalen og seld i gardsbutikken.