Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule tek seg av kurs, besøk og prosjekt utanom ordinær undervising.
Kurs
Ressurssenteret arrangerer kortare og lengre kurs for bønder, småskalaprodusentar og andre interesserte. Mjølkeforedling, birøkt, kompostering, fruktdyrking og andelslandbruk har vore tema dei siste åra. Mange av kursa er arrangert i samarbeid med Kompetansenavet Vest.
Her finn du oversikt over kommande kurs og aktivitetar.
Besøk
Vi ynskjer alle velkomen til Sogn Jord- og Hagebruksskule! Her kan de få omvising på skulegardsbruket, skreddarsydde føredrag og eit innblikk i økologisk landbruk, gjerne med ein smak av garden sine produkt. Ta kontakt med oss om de ynskjer å koma på besøk. Pris etter avtale. Landbruksskular får tilbod om ein time gratis omvising. Det er høve til å kjøpe varm lunsj på skulen, der det vert servert økologisk mat av råvarer frå skulegardsbruket.
Prisar på overnatting og måltid for gjestar finn du her.
Prosjekt
Ressurssenteret organiserer ulike prosjekt som i hovudsak er knytt til økologisk landbruk og berekraftig samfunnsutvikling, og i den forbindelse samarbeider vi med ulike bedrifter og organisasjonar. Arbeidet består av utviklingsprosjekt innan skulen sine satsingsområde og andre oppdrag.
Klikk her for å lese om noverande og tidlegare prosjekt.
Døme på andre oppdrag ved Ressurssenteret:
- Organisering av tilrettelagt arbeid og opplæring på SJH (Inn på tunet) – i samarbeid med kommune og NAV
- Levande skule – Bruk av skulegarden som læringsarena for elevar på Aurland barne- og ungdomsskule
- Gardspraksis for elevar frå Steinerskolen på Skjold i Bergen