Skulegardsbruk

Det sentrale «klasserommet» på SJH er eit allsidig skulegardsbruk med økologisk drift. Mykje av undervisinga er lagt opp som praktisk arbeid på garden. Dette for å gi eit godt og realistisk grunnlag for dei som skal driva ein økologisk gard.

Elevane har faste turnusar med stell av husdyra: kyr, geiter, sauer og hestar. Om våren er det rundar med lammingsvakter i sauehuset. Ein del av husdyrstellet kjem utanom ordinær skuletid, men vert medrekna i undervisingstimetalet.