Medarbeidar kjøkken / kokk

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga.  Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).

Frå august 2023 har skulen ledig stilling som medarbeidar på skulen sitt DEBIO-godkjende internatkjøkken.
Me søkjer etter ein kreativ person som verdset å laga mat av eigenproduserte råvarer i sesong. Dette inneber mykje praktisk arbeid, men gjev til gjengjeld stor fridom til å boltre seg med særs kortreiste økologiske råvarar.