Frukt og bær

På SJH har me omlag 0,5 daa kvar av bringebær (3 sortar) og solbær (2 sortar). I tillegg har me nokre få plantar av meir uvanleg slag, som litt druer og bjørnebær. Me har eit godt samarbeid med forskarmiljøet på Njøs i Leikanger, og er i det samarbeidet feltvert for utprøving av nye bærsortar til den norske frukt-/bærdyrkaren.

Me har og nokre litt eldre fruktfelt på skulegarden, i hovudsak eple, men og plommer. To av desse felta er i ein prosess med fornying/sanering, mellom anna plommefeltet. Det er her det meste av undervisinga med skjering og forming av trea går føre.

I tillegg har me eit omlag 20 daa stort eplefelt (etablert 2004) nede ved fjorden. 2. sorteringa, ca. 50 % av avlinga, går til økologisk eplejuiceproduksjon ved Balholm AS i Balestrand. 1. sorteringa går til Sognefrukt/Bama, gardsbutikken og bestillingar. Feltet vart til som ein del av nysatsinga på økologisk fruktproduksjon i Sogn og Fjordane, og mange aktørar var med på finansieringa. Det er ope for besøk, og her kan ulike forskarmiljø køyre forsøk med mellom anna skadedyrtiltak i øko-dyrking. Det er også tolv sortar pære i feltet. Elevane vert godt kjende med drifta, og tek del i innhausting og skjering.

Ellers held me på med planteproduksjon/oppal i veksthuset vårt om våren, til dømes ved å lage nye frukttre (poding) og med stiklingsformeiring av bær.